Arbeids- og organisasjonspsykologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Arbeids- og organisasjonspsykologi gjer ei skolering i sentrale teoriar og perspektiv innan det arbeidspsykologiske og organisasjonspsykologiske fagområdet. Det arbeidspsykologiske konsentrerer seg om studiet av arbeid, den enkelte sitt forhold til arbeid og sine nærmaste kollegaer. Det organisasjonspsykologi delen fokuserer primært på studiet av organisasjonar og grupper, og leiinga av desse. Eit viktig siktemål er å bevisstgjere studentane på dei deler av organisasjonspsykologien som er vitskapelig fundert, ved at nyare empiri vert vektlagt i undervisinga.

Studentane får ei brei innføring i sentrale aspekt innan arbeids- og organisasjonspsykologi, der òg historiske aspekt vektleggast. Dette inkluderer kunnskap om dei to separate feltane arbeidspsykologi og organisasjonspsykologi så vel som forsøka på integrering, samt beskrivingar av hovedfokus innan dei ulike felta si utvikling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte gjennom kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan...

  • gjere greie for sentrale metodiske problemstillingar knyttet til arbeids- organisasjonspsykologisk forsking
  • gjere greie for og diskutere kommunikasjon i organisasjonar, herunder i Action Science
  • gjere greie for og diskutere sentrale teoriar, modellar og omgrep som gjeld leiing i organisasjonar, samt kunne gjere reie for empiri som gjeld forløparar og konsekvensar av leiaråtferd
  • gjere greie for og diskutere sentrale perspektiv på og omgrep som gjeld danning og utvikling av grupper og team, og kva som kjenneteiknar effektive grupper og team
  • gjere greie for og diskutere sentrale teoriar og modellar for konfliktar, inklusive forløparar, innhald og konsekvensar
  • gjere greie for og drøfte modellar og omgrep som gjeld organisasjonskultur, inklusive kva som kjenneteiknar funksjonelle organisasjonskulturar og utvikling av kulturar
  • gjere greie for og drøfte modellar og omgrep som gjeld organisasjonslæring, organisasjonsutvikling og omstillingar, og på grunnlag av empiri gjere reie for kva verksemder kan gjere for å lukkast med omstillingar ut frå nærare oppgjevne kriterier.
  • gjere greie for individuelle føresetnader for åtferd i organisasjonar.
  • gjere greie for viktige psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, og deira rolle for effektivitet, jobbtrivsel og helse.
  • gjer greie for modellar og perspektiv for å forstå samspelet mellom tilhøve på jobb- og familiearenaen.
  • gjere greie for omgrepa jobbtrivsel og arbeidsmotivasjon, samt faktorar som kan forklare disse
  • gjer greie for tydinga av det sosiale samspelet på arbeidsplassen for effektivitet, trivsel og helse, herunder sosial støtte og mobbing.
  • gjere greie for omgrepa stress, utbrenthet, mestring og helse, samt viktige teoriar/modellar og empiri som forklarer desse fenomena.
  • gjere greie for dei sider ved arbeidsmiljølova som regulere det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljø, inkludert viktige prinsipp for internkontroll.
  • gjere greie for fenomenet sjukefråvær, samt teoriar/modellar og empiri som kan vera med å forklare dette fenomenet.

Ferdigheiter

Studenten kan...

  • reflektere over og presentere sentrale teoriar og modellar for kommunikasjon og danning og utvikling av grupper/team
  • reflektere over og presentere sentrale teoriar, modellar og omgrep som gjeld leiing i organisasjonar
  • reflektere over og presentere sentrale empiriske funn som gjeld forløparar og konsekvensar av leiing
  • reflektere over og presentere sentrale teoriar og modellar som gjeld konfliktar
  • reflektere over og presentere modellar og omgrep som gjeld organisasjonskultur, inklusive kva som kjenneteiknar funksjonelle organisasjonskulturar og utvikling av slike kulturar
  • reflektere over og presentere sentrale metodar for utvikling og omstillingar av organisasjonar og organisasjonslæring.
  • reflektere over og presentere sentrale metodar for utvikling av leiarar, organisasjonslæring og utvikling og omstillingar av organisasjonar
  • reflektere rundt individuelle føresetnader si tyding for åtferd i organisasjonar.
  • analysere konkrete situasjonar, slike som interpersonlege konfliktar, med utgangspunkt i organisasjonspsykologiske modellar og omgrep.
  • analysere konkrete jobbsituasjonar med tanke på å identifisere viktige psykososiale arbeidsmiljøfaktorar og deira rolle for effektivitet, jobbtrivsel og helse.
  • reflektere over og presentere modellar og perspektiv for å forstå samspelet mellom tilhøve på jobb- og familiearenaen.
  • analysere konkrete jobbsituasjonar med tanke på å identifisere faktorar som kan gi auka jobbtrivsel og arbeidsmotivasjon
  • analysere konkrete jobbsituasjonar med tanke på kvaliteten av det sosiale samspelet på arbeidsplassen og den tyding dette kan ha for effektivitet, trivsel og helse.
  • kjenne att situasjonar der mobbing føregår, samt skissere tiltak for leiarar og verksemder med tanke på å førebyggje og handtere dette problemet
  • analysere konkrete jobbsituasjonar med tanke på faktorar som kan gje og forklare stress, utbrenthet og mestring hos tilsette, samt skissere tiltak på individ, gruppe og organisasjonsnivå.
  • analysere konkrete jobbsituasjonar med tanke på om denne er i samsvar med arbeidsmiljølova, samt skissere tiltak for handtering av mobbing og konfliktar med utgangspunkt i lova.
  • analysere konkrete jobbsituasjonar med tanke på å finne årsaker til høgt sjukefråvær, samt skissere og drøfte tiltak for å førebyggje og redusere fråværet i verksemder og samfunnet generelt.

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar som gjeld utvikling av leiarar, grupper/team og organisasjonar
  • identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar som gjeld forløparar, utvikling og konsekvensar ar konfliktar, samt handtering av slike i organisasjonar
  • reflektere over tydinga av individuelle , leiar-, gruppe- og organisasjonsrelaterte kjenneteikn si tyding for individuell åtferd i organisasjonar og organisasjonslæring
  • tileigne seg forskingsbasert kompetanse som gjeld utvikling av medarbeidarar, leiarar, grupper/team og organisasjonar , og korleis slik utvikling best kan gjennomførast i gjevne kontekstar
  • kommunisere organisasjonspsykologiske problemstillingar, kunnskap, analyser og konklusjonar.
  • kommunisere viktige arbeidspsykologiske problemstillingar kunnskap, analyser og konklusjonar knytt til omgrepa psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress og mestring i arbeidslivet og rolla desse kan spele når det gjeld effektivitet, motivasjon, trivsel og helse.
  • identifisere og reflektere over faktorar som påverkar samspelet mellom på jobb- og familiearenaen.
  • identifisere og reflektere over faktorar som påverkar kvaliteten på det sosiale samspelet på arbeidsplassen
  • identifisere og reflektere over fenomen som stress, leiing, konflikt og mobbing i lys av arbeidsmiljølova.
  • identifisere og reflektere over faktorar som kan påverke sjukefråværet i ei verksemd, og kva for tiltak som kan vera aktuelle med tanke på å redusere fråværet

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

For å kunne melde seg opp til eksamen i emnet må ein ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse. Ut over dette er der ingen særskilde krav til forkunnskapar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, seminar, gruppeøvingar (erfaringsbasert læring i smågrupper)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisinga er frivillig. Det er ikkje obligatorisk innsending av arbeidsoppgåver

Vurderingsformer

Emnet vurderast som fullført ved bestått eksamen. Eksamen er ein skuleeksamen på 8 timar, som består av 2 delar (del a: test av spesifikke kunnskapar, del b: kor kunnskapane skal drøftast i ein samanheng)

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.