Masteroppgåve i petroleumsteknologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Denne studieretninga fokuserer på teoretiske og eksperimentelle studium av prosessar som er avgjerande for å forstå undergrunnen med tanke på energiutnytting og -lagring. Eit overordna mål er å forstå problemstillingar innan reservoar og geoenergi og vera særskilt godt rusta til å løyse utfordringar på vegen mot målet om berekraftig energi til alle.

 

Innhald:

Masteroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid, utforma i samråd med rettleiar, der kandidaten sjølv har ansvaret for progresjonen i arbeidet. Forskingsfeltet som ein kan velje masteroppgåve innan, spenner over fleire område innan lågutsleppsteknologi for olje og gassproduksjon, hydrogenlagring, geotermisk energi og CO2 handtering. Teoretiske og praktiske fordjupingsemne blir valt etter tema på masteroppgåva. Studiet gir deg solid kompetanse i realfag og grunnlag til å følgje med og bidra i energiomstillinga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

Studenten

  • har solide, vitskapeleg funderte kunnskapar om ulike energiressursar, deira utnytting og ulemper
  • har grunnleggjande kunnskap om geologi og inngåande kunnskap om porøse medium og fysikken som inngår i prosessar relatert til energiutnytting, CO2 lagring, og energilagring
  • forstår olje- og gass sin plass i noverande energiforsyning og veit korleis CO2-handtering kan bli nytta for å redusere CO2-utslepp
  • har kunnskap om eksperimentelt utstyr, måleinstrument og berekning av måleusikkerheit
  • har kunnskap om numerisk simulering av væskeflyt i undergrunnen

 

Ferdigheit:

Studenten

  • kan handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • kan analysere problemstillingar og forfølge desse ved hjelp av teoretiske og eksperimentelle metodar
  • kan analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte.
  • kan utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan kommunisere faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar til fagspesialistar
  • kan analysere og kritisk vurdere vitskaplege informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i energisektoren
  • demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Undervisningssemester

Høst og vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
For å ta emnet må ein være tatt opp på masterprogrammet i reservoar og geoenergi.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram i reservoar og geoenergi ved institutt for fysikk og teknologi ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Vurderingsformer

Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntlig mastergradseksamen. Denne eksamen består av en offentlig presentasjon på rundt 30 minutter hvor studenten selv gir en oversikt over oppgaven. Sensor og veileder skal være til stede ved den offentlige presentasjonen. Deretter følger en muntlig eksaminasjon/samtale med sensor og veileder om oppgaven.

 

Før presentasjonen skal det være satt en karakter på oppgaven. Presentasjonen kan sammen med den påfølgende muntlige eksaminasjonen/samtalen være justerende på den endelige karakteren på oppgaven. Det er den endelige karakteren som gjøres kjent for kandidaten og som kommer frem på karakterutskriften.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.