Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om hinduisme og buddhisme, og kunnskapar om historia og særtrekk til dei andre religionane. Studenten skal også studere eit utval tekster knytt til hinduismen og buddhismen.

Innhald:

Emnet gjev ei innføring til hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar. Særleg vekt er lagt på hinduismen og buddhismen.

RELV103 er ein obligatorisk del av bachelorstudiet og årsstudiet i religionsvitskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om opphav, utvikling og variasjon innanfor hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar.
  • har innsikt om sentrale idear, omgrep og ritar innanfor desse religionane, samt om deira gjensidige påverknader og brytningar og deira samspel med kulturen elles.
  • har kunnskap om sentrale tema og problemstellingar innanfor studiet av desse religionane, samt om grunnleggjande forskingsperspektiv og -omgrep.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å setje seg inn i eit variert tekstmateriale på både norsk og engelsk, kunne behandle og vurdere informasjon kritisk, analysere fagstoff og dra eigne slutningar, samt evne til å kunne skrive ei resonnerande tekst.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har røynsle med å tolke og presentere informasjon.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein del av pensumlitteraturen er på engelsk. I tillegg til generell studiekompetanse bør derfor studenten ha gode engelskkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
Fullt fagleg overlapp med RELV103L
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning skjer normalt i form av 15-20 forelesingar à to timar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og/eller kollokviegrupper, leia av timelærarar eller undervisningsassistentar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

To oppgåver (inntil 1500 ord) og ein quiz. Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.

Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen (inntil 3000 ord) på 6 timar.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)