Hinduismen og buddhismen - Lektorutdanninga
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- RELV103L
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål og innhald:
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om hinduisme og buddhisme.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om opphav, utvikling og variasjon innanfor hinduismen og buddhismen, innsikt i sentrale idear, omgrep og ritar innanfor desse religionane, samt om deira gjensidige påverknader og brytningar og deira samspel med kulturen elles.
- har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innanfor studiet av desse religionane, samt om grunnleggjande forskingsperspektiv og -omgrep.
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å setje seg inn i eit variert tekstmateriale på både norsk og engelsk, kunne behandle og vurdere informasjon kritisk, analysere fagstoff og dra eigne slutningar, samt evne til å kunne skrive ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse:
Studenten
- har røynsle med å kunne planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, samt med å tolke og presentere informasjon.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei skriftleg oppgåve (inntil 1500 ord) skal leverast til oppgitt frist.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 400 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.