Verdsfilosofiar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet til emnet er:

- å gje ei innføring i eit utval ikkje-vestlige filosofiar, med særskilt fokus på epistemologi og på forståinga av relasjonen mellom mennesket, verda og «det guddommelege»;

- å gje fordjupa kunnskap om filosofiar i eit (valfritt) område, anten om (A) hinduisk og buddhistisk filosofi, om (B) jødisk og islamsk filosofi, eller om (C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- Studenten har ein generell kunnskap om eit utval ikkje-vestlege filosofiar, med særskilt fokus på epistemologi og på forståinga av relasjonen mellom mennesket, verda og «det guddommelege»;

- Studenten har ein fordjupa kunnskap om filosofiar i eit valt område, anten om (A) hinduisk og buddhistisk filosofi, om (B) jødisk og islamsk filosofi, eller om (C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi;

- Studenten kan setja kunnskapane om verdsfilosofiar inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar.

Ferdigheiter

- evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand;

- evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar;

- evne til å skriva ein resonnerande tekst;

- evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, men ikkje fast.

NB. Emnet vert ikkje tilbydd vår 2022.

Neste gong emnet vert gitt er hausten 2022 (unntak).

Frå 2023 vert emnet tilbydd uregelmessig i vårsemestre.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
All pensumlitteratur er på engelsk. Studenten treng derfor gode engelskkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
RELV332 har fullt overlapp med RELV232 (15 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Normalt 10 forelesingar à to timar, totalt 20 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar (inntil 3000 ord).
Karakterskala
I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått.
Vurderingssemester

Vår, men ikkje fast.

Emnet har unntaksvis vurdering haust 2020 jf. avsnittet om undervisinssemester.

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1000-1500 sider. All litteratur er på engelsk.

Halvparten av pensum er felles for alle. Til den andre halvparten vel studentane eit av følgjande tre spesialområde: A) hinduisk og buddhistisk filosofi, B) jødisk og islamsk filosofi, eller C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi.

Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap