Religionsvitskap mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid som skal visa forståing, refleksjon og modning. Vidare skal masteroppgåva visa

- at studenten kan framskaffa og behandla eit kjeldemateriale

- at studenten er fortruleg med vitskapleg teori og metode

- at studenten meistrar litteratursøking, gjennomgang og bruk av forskingslitteratur.

Emnet for masteroppgåva skal veljast i samråd med rettleiar. Prinsipielt kan eitkvart religionsvitskapleg relevant emne veljast, men for å vera sikra rettleiing, bør studenten velja eit emne i tilknyting til dei områda som er representerte blant faglærarane ved instituttet.

Studenten bør velja emne og problemstillingar som han eller ho ut frå andre fagstudiar har særlege føresetnader for å arbeida med. Det vil vera naturleg å sjå val av spesialiseringsemne, innhaldet i RELV303FELT/MUNT/SEM (frie studiepoeng) og emnet for masteroppgåva i samanheng.

Arbeidet med masteroppgåva er normert til to semester.

Læringsutbyte

Studenten har ved avslutta emne følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • Eit religionsvitskapleg studium gjev omfattande kunnskapar om verdas religionar i fortid og notid og ei særleg forståing av relasjonen mellom religion og samfunn. Gjennom mastergradsstudiet har studenten fått innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar samt ei solid oversikt over og forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy. Ved fullført mastergrad er studenten ein fagekspert innan sitt forskingsfelt.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan gjere forsking på ein sjølvstendig måte. Dette inneber å etablere problemstillingar som kan leie til ny kunnskap om religion innan eit valt forskingsfelt.
  • har vidare ferdigheiter i å behandle eit kjeldemateriale.
  • kan skaffe seg oversikt over eit informasjonstilfang og systematisere og analysere dette.
  • har under studiet skaffa seg ei prinsipiell forståing av ein rekke kulturvitskaplege og samfunnsvitskaplege metodar og erfaring med å bruke dei.
  • har erfaring med å analysere eit materiale basert på skriftlege og/eller munnlege kjelder eventuelt på elektroniske kjelder, trekke konklusjonar og posisjonere eige bidrag i forhold til etablert kunnskap på forskingsfeltet.
  • har erfaring med å skrive ein vitskapleg tekst og med å kommentere andres tekstar. Studenten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig måte i skriftleg og munnleg form.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har gjennom arbeid med masteroppgåva vist sin kompetanse i å utøve religionsvitskapleg forsking og formidling i samsvar med faget sine grunnleggande normer og metodar som akademisk disiplin.
  • er kvalifisert til å handtere, vurdere og analysere kompleks informasjon, syntetisere den og grunngje eigne slutningar.
  • har gjennom masterstudiet fått øving i å argumentere.
  • har gjennom arbeidet med eit sjølvstendig forskingsarbeid vist evne til å problematisere og reflektere kring kjelder, omgrep, kunnskap, teori og metode.
  • har kompetanse i fagleg diskusjon og kommunikasjon både skriftleg og munnleg.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert arrangert obligatoriske symposium i regi av faggruppa, i tillegg til rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har obligatoriske undervisningsaktivitetar knytte til (a) prosjektførebuing, (b) mastersymposium og (c) rettleiing.

a) Prosjektførebuing: Studentane skal utarbeida eit prosjekt for masteroppgåva. Prosjektskissa skal visa at studenten

[1] har god kunnskap om forskingshistoria og kan plassere prosjektet innanfor forskingshistoria [2] har ein klar, overkommeleg og høveleg avgrensing av materialet [3] har ein realistisk gjennomføringsplan.

Prosjektskisse, som skal vere på om lag 3000 ord, vert vurdert som «godkjent», "godkjent med reservasjon" eller "ikkje godkjent" av lærarkollegiet. Prosjektskissa bør framleggas seinast i 3. semester i programmet. Studentar som har RELV309 i si utdanningsplan, får fritak frå (a) Prosjektførebuing.

b) Mastersymposium:

b) Mastersymposium

Studenten skal levere utkast til to kapittel av oppgåva si (som vil verte kommentert av medstudentar). Studenten skal også kommentere utkast til kapittel skrivne av medstudentar, minst to gonger. Det bør skje høvesvis i det fyrste og andre semesteret av oppgåveskrivinga (3. og 4. semester i programmet).

c) Rettleiing

Studenten skal ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gir nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

- Masteroppgåve på mellom 80 og 110 sider. Dette inkluderer ikkje framside, innhaldsliste, forord, litteratur- /referanseliste eller appendiks.

- Justerande munnleg eksamen.

Det vert gitt eigen karakter på masteroppgåva. Deretter vert mastergraden avslutta med ein munnleg eksamen som tar utgangspunkt i masteroppgåva. Denne munnlege karakteren kan justera karakteren på masteroppgåva éin karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår.
Litteraturliste
Dette emnet har eit individuelt definert pensum.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap