Russisk språk I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er eit allsidig teoretisk og praktisk og kurs i russisk språk. Emnet har som mål å gje oversikt over russisk lydlære, formlære og syntaks og øve studentane opp i dugleik i skriftleg og munnleg russisk. Kurset skal danne eit grunnlag og vekkje interesse for vidare utforsking og bruk av russisk språk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskapar og dugleik i teoretisk russisk grammatikk med hovudvekt på morfologi og syntaks
  • har fått ei innføring i nokre av dei meir avanserte emne i grammatikken som aspekt og passiv
  • har utdjupa innsikt i det russiske lydsystemet
  • har eit større og meir aktivt ordforråd i russisk
  • har utvida kunnskapar om russisk kultur

Ferdigheiter og generell kompetanse Studenten

  • har auka dugleik i praktisk russisk grammatikk og språkbruk
  • har øving i å omsetje tekstutdrag, munnleg og skriftleg, frå russisk til norsk
  • er i stand til å omsetje enkle tekstar frå norsk til russisk og skrive korte sjølvstendige tekstar på russisk
  • kan nytte russisk i digitale medium
  • er i stand til å føre enkle samtaler på russisk
  • kan gje ein kort presentasjon om eit førebudd tema på russisk

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
RUS120 byggjer på RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til dette emnet.
Tilrådde forkunnskapar
Sjå krav til forkunnskaper.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for RUS120 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med RUS112 og med 15 studiepoeng om det blir kombinert med RUS111.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går normalt over eit heilt semester med 8-10 timar i veka. Undervisningstilbodet omfattar teori, øvingar, tekstlesing og skriftleg og munnleg russisk. Undervisningsforma vil vere førelesningar, øvingar og kollokvietimar og gjennomgang av skriftlege omsetjingar norsk-russisk og andre skriftlege arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) minst 70% oppmøte til førelesingane

2) minst 70% oppmøte til munnlegtimane

3) innlevering av minst 70% av dei skriftlege arbeida (øvingar, eksamensoppgåver, omsetjingar til russisk og til norsk)

4) ei munnleg prøve.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Ein skriftleg skuleeksamen på 6 timar.
Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Litteraturlista inneheld ei kurs bok, eit grammatikkverk som gjev ei elementær og oversiktleg innføring i russisk grammatikk, øvingar og øvingstekstar, eit hefte med omsetjingar og andre skriftlege heimeoppgåver og eit pensum på om lag 100 sider med enkle russiske tekstar. Studentane skal òg skaffe seg ei russisk-norsk og ei norsk-russisk ordbok.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for russisk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Institutt for fremmedspråk