Bacheloroppgåve i samanliknande politikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I løpet av emnet skal studenten skrive ei vitskapleg oppgåve med utgangspunkt i den faglege innsikta som er utvikla gjennom bachelorstudiet. Oppgåva skal ha grunnfeste i statsvitskapelege tema og perspektiv frå samanliknande politikk. I arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde i samanliknande politikk. Studenten kan òg nytte kunnskap tileigna gjennom studiar i andre fag. Studenten får rettleiing av ein fagperson i arbeidet med oppgåva.

Målet med emnet er at studentane skal utvikle evne til å utforme og analysere statsvitskaplege problemstillingar innan eit forskingsområde i samanliknande politikk. Emnet gjev innføring i kriteria for sjølvstendig, akademisk tekstproduksjon, og målsetjinga er at studenten skal realisere slike akademiske grunnpremiss gjennom å skrive ei individuell bacheloroppgåve.

Undervisinga kombinerer førelesingar og seminar med rettleiing. Innføringsførelesingane fokuserer på sentrale aspekt ved oppgåveskriving: metodiske problemstillingar, problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen, litteratursøk, kjeldebruk og akademisk reielegheit. Emnet skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid utarbeidd av den einskilde studenten under rettleiing.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • formulera ei avgrensa fagleg problemstilling og grunngi kvifor den er fagleg interessant
  • gjere greie for sentrale perspektiv innanfor eit vald forskingsfelt
  • nytte relevante datakjelder og metodar for datainnsamling i lys av vald problemstilling

Ferdigheiter

Studenten kan

  • samle inn og kritisk vurdere faglitteratur og informasjon frå ulike kjelder
  • følgje retningslinene for god kjeldebruk og bruk av referansar
  • reflektere over eige fagleg arbeid, justere og omarbeide dette under rettleiing og i lys av tilbakemeldingar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • utforme og analysere statsvitskaplege problemstillingar
  • formidle fagstoff skriftleg gjennom eige arbeid
  • planlegge og gjennomføre ei undersøking over eit semesters tid og strukturere eit forskingsarbeid innanfor ramma av ein vitskapleg sjanger

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til forkunnskapar
MET102 og enten SAMPOL110 eller SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107
Tilrådde forkunnskapar
SAMPOL115 Demokrati og demokratisering. Det er tilrådd å ta emnet med ein så brei studiebakgrunn som mogleg, altså i 6. semester i bachelorgraden.
Studiepoengsreduksjon
Full poengreduksjon med SAMPOL250
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB som elles oppfyller krav til forkunnskapar.
Arbeids- og undervisningsformer

Form: Førelesingar, rettleiing, seminargrupper.

Timer per veke: Varierer

Førelesingar, seminargrupper og rettleiing. Undervisninga tek til med innføringsførelesingar. Seminaropplegget er organisert i oppstartsseminar med vekt på val av oppgåvetema og avgrensing av problemstilling, litteraturseminar med vekt på resultat av litteratursøk og oversyn over forskingsfeltet for oppgåva tidleg i semesteret, og førsteutkastseminar med framlegging av oppgåvetekst nærare innleveringsfristen. Kvar student har krav på ein rettleiar som gir råd i arbeidet med bacheloroppgåva. Studenten har krav på opptil fire rettleiingsmøter med ein av dei vitskapleg tilsette ved Instituttet. Rettleiaren kan velja å arrangere opptil to av rettleiingsmøta som grupperettleiing.

Deltaking i seminaropplegget og individuell rettleiing føreset at studenten har søkt om rettleiar innan fastsette fristar som vert opplyst ved semesterstart.

Studentar som allereie har fått tilbod om rettleiing i SAMPOL260 eit semester, har ikkje krav på ny rettleiing i seinare semester. Dette gjeld både studentar som tek emnet om igjen og studentar som utset eksamensinnleveringa.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking og framlegging av og kommentar på tekst i et milepælseminar om førsteutkast til bacheloroppgåva. 

For å levere inn bacheloroppgåve til vurdering, må arbeidskravet vere godkjent. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Individuell bacheloroppgåve på maksimalt 6000 ord. Oppgåva skal skrivast ut frå dei formkrav og tekniske krav som står i pensumheftet for emnet. Norsk, dansk, svensk og engelsk er godkjende språk oppgåva kan skrivast på.

Bacheloroppgåva skal skrivast ut frå eit valfritt tema. Instituttet tilrår at studenten vel oppgåvetema og problemstilling med utgangspunkt i dei tematiske emna som instituttet til underviser i. Studenten kan velje å ta utgangspunkt i tema som det ikkje blir undervist i, men då i samråd med instituttet.

Ei bacheloroppgåve, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn til eksamen i SAMPOL260 på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitenskapelige fakultet"). Oppgåver som tidlegare har vore innlevert og vurdert ved andre utdanningsinstitusjonar, anten det er i Noreg eller i utlandet, kan ikkje leverast inn på nytt i SAMPOL260.

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen tilbys i undervisningssemesteret

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.isp@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 14 dagers utsatt frist.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet