Komparativ dommaråtferd

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald

Statsvitskapelig forsking på dommaråtferd og domstolar var ein gong eit område ein berre fann i USA. I løpet av dei siste tiåra har forskinga gripe om seg slik at ein no kan tala om komparativ dommaratferd som dekker dei fleste land i verda, internasjonale rettssystem og inkluderer, men er ikkje begrensa til, disiplinar som rettsvitskap, historie, økonomi, psykologi og antropologi. Innretninga i denne komparativa forskinga reflekterer framleis orda til James Gibson som i 1983 skreiv at "In a nutshell, judges' decisions are a function of what they prefer to do, tempered by what they think they ought to do, but constrained by what they perceive is feasible to do." Knappast eit einaste rettssystem kan lenger unnsleppe systematiske analysar, og utbreiinga og suksessen til dommarforskinga dei siste tiåra har uvegerleg ført fram til eit breitt felt der forskarane benytter ei rad ulike teoriar, metoder og modellar.

Målet med dette kurset er å gje ei inngåande oversikt over forskingsfeltet komparativ dommeråtferd. Kurset tar utgangspunkt i eit prosjekt der ei rad internasjonale forskarar skriv om viktige emne med vekt på omgrep, tidligare analysar og retningar i dei ulike underfelta. Desse forskingsbidraga gir kvar for seg ein kritisk vurdering av både den eksisterande litteraturen og korleis litteraturen sjølv har utvikla seg. Samla gir dei ulike bidraga ei eineståande oversikt over status til eit viktig forskingsområde i komparativ politikk og statsvitskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

  • Har avansert kunnskap om dei viktigaste teoretiske posisjonane i komparativ dommaråtferd.
  • Har inngåande kunnskap om og rekkevidden av empiriske modellar.
  • Har generell kunnskap om ulike rettsystem og korleis forskarar går fram for å systematisere data om rettssystema.

Ferdigheiter

  • Kan bruke kunnskapen på andre områder i statsvitskapen.
  • Kan samanlikne, analyser og vere kritisk til ulike faglege tradisjonar og posisjonar.
  • Kan designe eit sjølvstendig og avgrensa forskingsprosjekt i tråd med nyere tradisjonar i feltet.

Generell kompetanse

  • Kan bruke kunnskapen og ferdigheitene på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
  • Kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar fagområdet sine uttrykksformer.
  • Kan kommunisere med juristar, spesialistar og folk flest om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet.
  • Kan bidra til nytenkning og innovasjonsprosessar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Opptak på master i samanliknande politikk eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som er tatt opp til masterprogram i samanliknande politikk.

Gjestestudentar på masternivå kan godtast etter søknad. Søknad kan avslås grunnet kapasitet.

Maksimalt antall studentar i emnet er 15 studentar. Tilgang til kurset vert gjeve til dei fyrste 15 som vurderingsmeldar seg i emnet.

Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er organisert i temabolker, med introduksjonar og problematisering av pensum med påfølgjande  diskusjon av litteraturen og utvikling av problemstillingar. Studentane tek aktiv del både i introduksjonar og diskusjon.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte i 75 prosent av seminara og aktiv deltaking i presentasjon og diskusjon av litteratur. Godkjend presentasjon av eiga problemstilling.

Alle undervisningsaktivitetane må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Indviduelt essay på maksimalt 4000 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:

  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på  studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.