Masteroppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere eit fagleg sjølvstendig arbeid basert på eigne undersøkingar utført i emnet SANT320. Straks etter feltarbeidet skal studenten ta kontakt med rettleiar for ein samtale om feltarbeidserfaringar og det vidare løpet. I byrjinga av semesteret følgjer studenten opp feltarbeidsrapporten med å skrive ein tekst på 3000 ord basert på eigen etnografi med det formålet å få i gang skriveprosessen. Teksten kan til dømes ta utgangspunkt i eit «case», ei viktig hending eller funn, eller eit metodologisk problem, og eventuelle analytiske implikasjonar av desse. Det kan vere utkast til eit kapittel, eit samandrag eller ei første skisse av argument studenten ønskjer å utvikle eller ei drøfting av analytiske omgrep som kan nyttast. Dette grovutkastet skal tidleg i studenten sitt 3. semester presenterast for diskusjon i eit skriveseminar. I masteroppgåva skal studenten gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Tekst og argument skal utviklast i samarbeid med rettleiar. I vurderinga av masteroppgåva vert det lagt vekt på studenten si evne til sjølvstendig analyse av eige etnografisk materiale i ljos av relevant antropologisk teori.

Læringsutbyte

Studenten skal ved innlevert masteroppgåve ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • Arbeide med ein omfattande tekst der eige etnografisk materiale vert knytta til teoridanning innan sosialantropologi og andre relevante fag

Ferdigheiter

Studenten kan 

  • Arbeide sjølvstendig med eit komplekst empirisk materiale og gjere prioriteringar.
  • Produsere ein komparativ, argumenterande og resonnerande tekst på grunnlag av sentrale funn og særdrag ved eit vald studiefelt.
  • Meistre gjeldande konvensjonar for litteraturhenvisning, anonymisering og akademisk redelegheit.
  • drøfte eigen og andre studentars tekstar i fagleg forum

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Bidra med ekspertkunnskap på den regionen og tematikken som masteroppgåva omhandlar

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust
Krav til forkunnskapar
SANT301, SANT302, SANT320
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosialantropologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Individuell rettleiing, sporadisk seminardeltaking
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i skriveseminar og munnleg presentasjon av tekst på 3000 ord (+/- 10 prosent), i tredje og fjerde semester.
Vurderingsformer

Masteroppgåve av eit omfang på mellom 30 000 og 40 000 ord. Innlevert masteropgåve vert vurdert og karakter sett av ein komité. Denne karakteren justerast ved munnleg eksaminasjon.

Masteroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F vert brukt i vurderinga av masteravhandlinga

 

Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre.

Kontinuasjonseksamen:

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre.

Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Undervisingsutvalet for sosialantropologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.