Språkstudentar i arbeidspraksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å syna den faglege kompetansen språkstudiet gjev i praksis ved aktuelle institusjonar og verksemder i utlandet eller i Noreg. Gjennom observasjon, samhandling, praktisk utøving, refleksjon og rettleiing skal studentane få betre innsikt og røynsle i yrkesrolle og arbeidslivet og skal få høve å verta meir medvitne om eiga yrkesrolle.

Innhald: Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den institusjonen eller verksemda dei er utplasserte i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante for studentane sin faglege kompetanse og det arbeidsstaden måtte ha trong for. Arbeidsoppgåvene til den enkelte student vil verta konkretiserte i ein kontrakt mellom studenten og aktuell institusjon eller verksemd.

Den teoretiske og metodiske delen av emnet omfattar sentrale spørsmål innan arbeidsområde som er relevante for språkstudentane. Det vil seie kunnskap og refleksjon om korleis ein bruker eit framandspråk i arbeidslivet, kva interkulturell kommunikasjon og kompetanse er, korleis ein kan vera meir medviten om dette, korleis ein i det heile best kan få formidla ein bodskap på ein effektiv måte og korleis ein innhentar og vurderer informasjon. I den teoretiske delen vil studentane også få medvit om sin eigen kompetanse ved å drøfte korleis dei kan nytte denne ved institusjonen eller verksemda. Vidare går ein gjennom praktiske utfordringar og framlegg til løysingar på situasjonar som kan oppstå.

Emneansvarleg /-administrasjonen har ansvaret for å skaffe praksisplassar, gjere avtalar om innhaldet for praksisen på den einskilde arbeidsplassen og halde kontakt med studentane og representantar for praksisplassen i praksisperioden. Studentar kan òg skaffe sin eigen praksisplass. Denne må godkjennast av emneansvarleg.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten:

- ha kunnskap om korleis det er å arbeide ved ei verksemd eller institusjon der utdanninga deira er relevant.

- vite meir om korleis verksemda eller institusjonen der dei får praksisplass organiserer og utfører arbeidet sitt.

- kunne nytte fagkunnskapen som språkstudiet gjev i ein reell arbeidssituasjon.

- ha kunnskap om ulike krav til framandspråkleg kompetanse i samband med yrket.

- ha kunnskap om kva interkulturell kommunikasjon og kompetanse er.

Ferdigheiter

Studenten

- kan kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over tilhøvet mellom teori og praksis.

- har ei utvida forståing og refleksjonsevne kring ulike tankemønster, haldningar og verdsbilete.

- Har ei utvida forståing av korleis ein i det heile best kan få formidla ein bodskap på ein effektiv måte.

- har ei utvida forståing av ulike krav knytte til bruk av eit framandspråk.

- kan uttrykkje seg på framandspråket i ulike domene.

- har ei utvida forståing av korleis ein innhentar og vurderer informasjon.

Generell kompetanse

Studenten

- kan reflektera medvitsfullt over eiga yrkesrolle i arbeidslivet.

- kan utveksla synspunkt og erfaringar om fagleg verksemd eller institusjon og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

- evna å gje ein skriftleg rapport om innhald og relevans av arbeidspraksis.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og/eller vår, i samsvar med tilgjengelege praksisplassar.

Undervisningsstad

Bergen og praksisstad i inn- eller utland. Praksisstaden kan vere i utlandet eller på relevant arbeidsplass i Noreg der framandspråkskompetansen er relevant for oppgåvene som skal utførast i praksisperioden.
Krav til forkunnskapar
Minimum 60 studiepoeng i det aktuelle framandspråket. Ein må ha minst C i snitt i språkemna for å kvalifisere for opptak. Morsmålskompetanse/realkompetanse i det aktuelle språket kan kompensere for manglande studiepoeng i framandspråket, men søkjarar må ha fullført minimum 60 studiepoeng før avreise.
Tilrådde forkunnskapar
God munnleg og skriftlig kompetanse i framandspråk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet har avgrensa tal praksisplassar. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta emnet enn det er ledige praksisplassar, vil søkjarane bli prioriterte på følgjande måte:

1. Studentar med studierett på bachelorprogram i aktuelt språkfag ved UiB, med minimum 60 studiepoeng i det aktuelle framandspråket, prioriterte på bakgrunn av karaktersnitt og motivasjonsbrev. Ein må ha minst C i snitt på språkemna for å kvalifisere for opptak. Morsmålskompetanse/realkompetanse i det aktuelle språket kan kompensere for manglande studiepoeng i framandspråket, men søkjarar må ha fullført minimum 60 studiepoeng før oppstart på SAP100.

2. Andre studentar med studierett ved UiB, prioriterte etter karaktersnitt med minimum 60 studiepoeng i det aktuelle framandspråket. Ein må ha minst C i snitt på språkemna for å kvalifisere for opptak. Morsmålskompetanse/realkompetanse i det aktuelle språket kan kompensere for manglande studiepoeng i framandspråket, men søkarar må ha fullført minimum 60 studiepoeng før avreise.

Søknadsprosedyre for søkjarar til ledige praksisplassar:

Tilgjengelege praksisplasser blir offentleggjorde 1. april/1. oktober. Ein søkjer gjennom eit digitalt skjema frå IF sine nettsider.

Søknaden skal innehalda ein motivasjonstekst som saman med karakterar vil verte vurdert i opptaksprosessen. Det kan òg verte aktuelt å kalla søkjarar inn til intervju.

Søknadsprosedyre for søkjarar som skaffar eigen praksisplass

Dersom studentar ønskjer å skaffe eigen praksisplass, må dei leggje ved ferdig utfylt avtale frå arbeidsplassen innan søknadsfristen for opptak til emnet 1. mai for haustsemesteret og 1. november for vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar dersom dette blir aktuelt. Emneansvarleg skal kvalitetssikre og godkjenne alle praksisplassar.

Ein søkjer gjennom eit digitalt skjema frå IF sine nettsider her.

Søknadsfrist

1. mai for opptak i haustsemesteret og 1. november for opptak i vårsemesteret.

Arbeids- og undervisningsformer

4 dobbeltimar oppstartsseminar i Bergen. Deler av oppstartsseminaret kan bli nettbasert.6-8 nettbaserte seminar. Praksis (270 timer) i minimum 60 dagar (normalt over 9-12 veker).

Ved semesterstart vert det halde oppstartsseminar på fire dobbeltimar med fokus på å førebu studentane på praksis. Målet er å gjere studentane medvitne om sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. Oppstartsseminaret kan bli nettbasert.

Emnet inneheld 270 timar praksis ved ein institusjon eller verksemd i utlandet eller i Noreg som er knytt til teoretisk og metodisk innsikt og øvingar i spesifikke og overførebare ferdigheter som er av stor relevans for språkstudentane i ulike yrkesroller.

Under praksisperioden vil undervisninga vere nettbasert. Undervisninga er lagt opp som nettseminar der sentralt pensum og sentrale tema blir gjennomgått og drøfta. I tillegg blir det refleksjons- og presentasjonsoppgåver som skal knyte saman den teoretiske og metodiske delen og den praktiske delen av emnet. Det blir lagt opp til stor studentaktivitet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må ha oppfylt følgjande obligatoriske arbeidskrav:

  • obligatorisk oppmøte på oppstartsseminaret i Bergen.
  • 75% obligatorisk oppmøte til nettundervisninga
  • 270 timars praksisperiode i ein godkjend institusjon/verksemd. Arbeidet med praksisrapporten vert ikkje inkludert i dei 270 timane.
  • følgjande obligatoriske oppgåver skal leverast og godkjennast innan gjevne fristar:

    • tre refleksjonsoppgåver
    • ein munnleg presentasjon av praksisperioden på nettseminar.
    • innlevering av utkast til praksisrapporten og rettleiing knytt til dette utkastet.

Studentar som på grunn av praksisopphald ikkje kan vere tilstades på oppstartssamlinga i Bergen, kan gjere avtale med emneansvarleg om eit alternativt, nettbasert undervisningsopplegg. Avtalen med emneansvarleg må gjerast i forkant av oppstartssamlinga.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein rettleidd praksisrapport. Det skriftlege eksamensarbeidet (praksisrapporten) skal vere på om lag 4000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Praksisrapporten skal skrivast på norsk eller engelsk og omfatte:

1. ei utgreiing om innhaldet i praksisarbeidet

2. ein refleksjon kring verdien av den konkrete praksisen for studentane si faglege og personlege utvikling og kring verdien av eigen kompetanse

3. ei vidare utdjuping av to av dei tre refleksjonsoppgåvene nemnde under obligatorisk undervisningsaktivitet. Denne utdjupinga skal vere på grunnlag av minst fire vitskaplege kjelder.

Rapporten, samt ein attestasjon frå institusjonen eller verksemda på fullførd praksis, skal leverast innan fastsett frist.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår/Haust.

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret/vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav i undervisningssemesteret.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for framandspråk
Emneansvarleg
Institutt for framandspråk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.