Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SOS112 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: migrasjon, miljø og utvikling. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Emnet gir ein introduksjon til sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av internasjonal migrasjon og etniske relasjonar. Det leggast vekt på korleis migrasjon og etnisitet kan forståas i forhold til øvrig sosiologisk teori, både internasjonalt og nasjonalt. Korleis forstår vi dagens internasjonale migrasjonsmønstre i et historisk og globalt perspektiv? På kva slag måte utfordrast nasjonalstaten av migrasjon? På kva slags måte henger migrasjonsrelaterte manifestasjonar av "rase", etnisitet og religion saman med forandringar av våre samfunn, og korleis er dette relatert til kjønn og sosial klasse? Kva muligheiter/begrensninger følgjar av ulike ambisjonar i forhold til integrasjon og multikulturalisme som politiske målsettingar? Dette er blant de sentrale spørsmål emnet vil behandle. Emnet vil ha ein global orientering, med spesielt vekt på Europa og Noreg.

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne
  • Gjere greie for teoriar og tenking omkring «rase», migrasjon og etnisitet.
  • Gjere greie for ulike definisjonar av «rase», rasisme og migrasjon og drøfte desse i høve til ulike tidsepokar og nasjonalstatlege kontekstar.
  • Drøfte og gje ein kritisk vurdering av korleis aktuelle norske debattar og forsking på IMER-feltet heng saman med forsking og teori frå andre vestlege land som USA og Storbritannia.
  • Drøfte ulike aspekt ved forholdet mellom forskingsomgrep og kvardagslege samhandlingsmønstre.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emne kan bli tilbydd både vår og haust, men tilbodet vil variere frå semester til semester
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Innføring i sosiologi
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
20-24 timar førelesingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timar skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.