Språkutvikling
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SPED101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med kurset er at studentane skal utvikle ein solid kunnskapsbase for å forstå normal språktileigning. Kurset vil også gje studentane ein teoretisk bakgrunn for å kunne beskrive språk.
Kurset vil gje ein introduksjon til sentrale omgrep i anatomi og fysiologi, lingvistikk og fonetikk som er relevante for utvikling av språk og tale, og for språk- og talevanskar.
Etter avslutta kurs vil studentane ha grunnleggjande kunnskap innan lingvistikk og fonetikk. Vidare vil dei vere i stand til å nytte denne kunnskapen til å forstå og analysere menneskeleg kommunikasjon. Studentane vil også få ei grunnleggjande innsikt i ein- og fleirspråkleg språkutvikling
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ...
- Har grunnleggjande kunnskapar om lingvistikk og fonetikk. Dette inkluderer alle språklege nivå: fonetikk, leksikon, semantikk, syntaks og pragmatikk.
- Har grunnleggjande kunnskapar om språkutvikling på ulike lingvistiske nivå: frå lydar til ord til kombinasjonar av ord til diskurs.
- Har grunnleggjande kunnskapar om (normal) variasjon i språkutvikling, og innsikt i korleis ein skil normal(t) og avvikande språk og tale.
- Har grunnleggjande kunnskapar i fleirspråkleg språkutvikling.
- Har grunnleggjande kunnskapar om anatomi og fysiologi i øre, nase, hals og respirasjonssystemet, (dvs alle elementa i fonasjon og artikulasjon, så vel som kunnskapar om dei mest kjente vanskane som kan påverke funksjonen til artikulasjonsapparatet.
- Kan beskrive og forklare normal hørsel og normal taleproduksjon.
- Kan forklare dei viktigaste måtane språkutvikling i ein flerspråkleg kontekst skil seg frå utviklinga i et hovudsakleg einspråkleg miljø.
Ferdigheiter
Studenten ...
- Kan bruke deskriptive og analytiske verktøy for kartlegging av språk og tale.
- Kan transkribere språklyder med bruk av det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA).
- Kan anlysere spontan tale og uviklingsendring i taleferdigheiter.
- Kan anlysere konversasjonsferdigheiter, pragmatikk og turtaking i et utviklingsperspektiv.
- Kan finne fram til og bruke forskningslitteratur til fagleg fordjupingsarbeid.
Generell kompetanse
Studenten ...
- Skal kunne gjere greie for, analysere og kritisk drøfte sentrale teoriar innan språkutvikling.
- Skal forstå korleis kunnskap om fonetikk, lingvistikk og språkutvikling bidrar til praktisk spesialpedagogisk arbeid.
- Kan bidra konstruktivt i gruppearbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Dei mest sentrale tema vert dekkja gjennom temaførelesingar (12x2 timar).
Deler av lingvistikk- og fonetikkemna vil bli lagt til seminargrupper (8x1,5 timar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjende før studentane kan fremstille seg til vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.