Profesjonstenkning - lovverk og etikk i teori og praksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er at det skal gje studentane føresetnader for å kunne reflektere kring yrkesrolla i eit profesjonsteoretisk perspektiv. Profesjonar og semi-profesjonar er yrker som utfører tenester, basert på teoretisk kunnskap, erverva gjennom en utdanning.

Ulike yrkesgrupper yter tenester til barn, unge og vaksne med ulike former for læringsutfordringar, både med tanke på kartlegging, diagnostisering, behandling, utforming av tiltak og evaluering av tiltak. Møte med barn og unge skal skje i høve til lover og retningslinjer som regulerer behandling og undervisning, følgjer prinsippa for evidensbasert praksis og skal halde ein høg yrkesetisk standard.

Studentane skal også få innsikt i dei ulike lovverka som regulerer feltet innafor utdanningssystemet og helsesektoren slik som Opplæringslova og Helselova, samt relevante styringsdokument. Gjennom emnet skal studentane få ytterlegare kjennskap til sentrale omgrep slik som spesialundervisning, tilpassa opplæring og inkludering. Dei skal og få innsikt i korleis individuelle opplæringsplanar (IOP) for elevar med rett til spesialundervisning kan bli utarbeida basert på forskingsbasert kunnskap. Gjennom emne skal studentane også få kjennskap til barn, unge og vaksne sine rettigheiter knytt til individuell plan (IP).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Kan gjere greie for profesjonsteoretiske omgrep som profesjon, semi-profesjon, tillit og skjønn
  • Kan gjere greie for yrkesetiske prinsipp for profesjonsutøving
  • Har kunnskap om ulike hjelpetenester som skal støtte barn og elever med særskilte opplæringsbehov og rettigheiter heimla i lovverket
  • Kan prinsippa for planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak basert på forskingsbasert praksis
  • Kan gjere greie for ulike teoretiske modeller/perspektiv til bruk i praksis
  • Kan gjere greie for strategiar som fremmer godt samarbeid med ulike aktørar

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan vurdere gode kartlegginsprosedyrar i tråd med prinsippa for forskingsbasert praksis
  • Kan anvende forskingsbasert kunnskap for å konkretisere tiltak knytt til praksisfeltet i samsvar med gjeldande lover og retningslinjer
  • Kan gjennomføre observasjon av undervisning og opplæring i ulike kontekster
  • Kan utforme intervjuguide og gjennomføre intervju på praksisstaden

Generell kompetanse

Studenten

  • Skal kunne drøfte profesjonen og semiprofesjonen sitt samfunnsmandat
  • Skal kunne kritisk drøfte relevante yrkesetiske utfordringar
  • Skal kunne drøfte yrkesutøving i eit individ- og systemperspektiv
  • Skal kunne drøfte sentrale omgrep (til dømes tilpassa opplæring, spesialundervisning og inkludering) som blir uttrykt i lovverk og styringsdokument
  • Skal kunne finne fram til og bruke relevant forskingslitteratur

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til bachelor i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i førelesingar (9 x 2 timar) og seminarundervisning i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara.

Praksis på til saman 50 timer som inkluderer 25 timer observasjonspraksis i grunnskulen eller andre relevant institusjonar, samt for- og etterarbeid på campus.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Godkjent deltaking på seminar
  • Deltaking i paneldebatt og på praksisseminar (før og etter praksis)
  • Innlevering av praksisrapport, intervjuguide og loggbok i etterkant av praksis.
  • Halde ein kort presentasjon om erfaringar frå praksis.
  • Godkjent praksis
  • Obligatoriske krav må være godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i tre semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og dei to påfølgjande semestera)

    Vurderingsformer
    Heimeeksamen over tre dagar, omfang ca. 3000 ord (+/- 10 %).
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering

    Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande

    evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

    Programansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet