Forskingsmetode

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emne skal sette studentane i stand til å planlegge eit sjølvstendig forskingsarbeid. I fellesdelen av emne er målet at studentane skal tileigne seg eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane skal også kunne vurdere forskingslitteratur, forskingsresultat og vere i stand til å reflektere kritisk og etisk over sentrale metodiske framgangsmåtar og fortolkingspremiss. I andre del av emne skal studentane fordjupe seg i ein vald metodetilnærming (kvalitativ/kvantitativ). Studentane skal få djupare kjennskap til den framgangsmåten dei har valt, slik at dei er i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av forskingsmateriale.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten..

  • har kunnskap om ulike vitskapeleg paradigme og forklaringsmåtar og kan bruke desse til å reflektere kritisk over spesialpedagogisk verksemd
  • har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innanfor kvalitative og kvantitative metodar, samt triangulering av desse (mixed methods)
  • har kunnskap om formelle forskingsetiske prosedyrar og kan bruke desse på ein formålstenleg måte i møte med ulike forskingsetiske problemstillingar
  • har kunnskap om den vitskapsteoretiske forankringa til metoderetninga vedkommande vel å fordjupa seg i
  • har innsikt i forsking og teoriar innan det tematiske området studenten vil fordjupa seg i gjennom masterprosjektet

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan drøfte forskingsetiske problemstillingar i pedagogisk og spesialpedagogisk forsking
  • kan reflektere over og diskutere ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmåtar
  • kan reflektere over og diskutere ulike gyldigheitskrav i kvantitative og kvalitative metodetradisjonar
  • kan demonstrere praktiske ferdigheiter med konkrete metodar for datainnsamling og analyse
  • kan utvikle aktuelle forskingsspørsmål med utgangspunkt i kunnskap om det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • kan utvikle og skrive ei prosjektskisse som legg grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan analysere og stilla seg kritisk til ulike forskingsresultat
  • kan vurdere forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehage, skule og opplæringssektoren

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, annakvart år

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
PED312 + SPED312 = 15 studiepoeng i reduksjon (det vil sei at dei er ekvivalente)
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer

Emne kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.

 

Emne vil innehalde om lag:

  • 12x3 timar forelesning/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emne:

  • Utarbeide prosjektskisse til masteroppgåve

Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om prosjektskissa ved semesterstart.

Vurderingsformer
I emne nyttar ein heimeeksamen over 10 dagar.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Litteraturlista er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet