Spesialpedagogisk rådgjeving i teori og praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei innføring i rådgjeving med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet. Emnet skal førebu studenten til å utøve rolla som spesialpedagogisk rådgjevar på ein profesjonell og etisk måte. Gjennom praksis  vil studenten få kjennskap til arbeidskvardagen og kva for oppgåver som kan inngå i rådgjevarrolla i hjelpe- og støttetenester. Til saman skal kunnskapen munne ut i eit skriftleg arbeid, der ei sjølvvalt problemstilling vert drøfta i lys av litteratur og praksiserfaringar. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskap om og kan kritisk reflektere over sentrale perspektiv innanfor spesialpedagogisk rådgjeving
  • har kunnskap om og kan kritisk reflektere over etiske problemstillingar knytt til spesialpedagogisk rådgjeving
  • har kunnskap om og kan identifisere hemmande og fremmande faktorar knytt til samarbeid i lys av spesialpedagogiske problemstillingar
  • har gjennom praksis tilegna seg kunnskap om hjelpe- og støttetenester, og kan kritisk reflektere over tenestene sin rolle og funksjon

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan ved bruk av ulike rådgjevingsteoriar reflektere over tiltak som hjelpe- og støttetenester foreslår på individ- og systemnivå
  • kan identifisere hemmande og fremmande faktorar knytt til samarbeid mellom ulike profesjonsgrupper innanfor oppvekst- og opplæringssektoren
  • har utvikla ferdigheiter knytt til kommunikasjon, samarbeid og observasjon som er relevante for å utøve rolla som rådgjevar

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan med bakgrunn teori og praksis analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar i spesialpedagogisk rådgjeving
  • kan identifisere behov for utvikling og endring i oppvekst- og opplæringssektoren
  • kan kommunisere om spesialpedagogiske problemstillingar, analyser og konklusjonar, både med fagfeltet og til ålmenta 

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, annakvart år

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer

Emne nyttar forelesingar, seminar, ulike former for digital samarbeidslæring, samt rettleiing på skriftleg arbeide.

Emne vil innehalde om lag:

  • 8x3 timar forelesning/seminar
  • 1 time individuell rettleiing pr. student i arbeidet med semesteroppgåva

I tillegg inngår 3 veker med praksis i støttetenester som Universitetet i Bergen har avtale med. Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om praksis ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emne:
  • Deltaking på førelesing/seminar
  • Deltaking i og godkjent praksis
  • Utføre to av praksiskrava som er utarbeidd for de ulike praksisstedene (jf. skriv om praksis)
  • Munnleg presentasjon av erfaringar frå praksis (gruppevis i seminar etter praksis)
  • Organisere og gjennomføre paneldebatt med aktørar frå praksisfeltet
Vurderingsformer
I emne nyttar ein følgjande vurderingsformer:
  • Semesteroppgåve 3000 ord (+/- 10 %), utforma etter APA-standarden sine retningslinjer. Oppgåva skal byggje på ein sjølvvalt problemstilling som vert drøfta i lys av litteratur på emne og relevante praksiserfaringar
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår, annankvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande høstsemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Litteraturlista er på om lag 900 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet