Metode i latinamerikansk historie

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gje kunnskapar om og innsyn i ulike metodar innan historiefaget med relevans for forskingsarbeid med latinamerikanske emne.

Innhald:

Studentane vil verta introduserte for ei rekkje metodar nytta i forsking på latinamerikansk historie og ulike typar kjeldemateriale, og ein vil visa korleis desse kan brukast for å kasta lys over ulike problemstillingar i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten

¿ innsikt i ulike metodar og ulike typar kjeldemateriale nytta i forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur, og korleis eit slikt arbeid kan byggjast opp

¿ evne til å reflektera over teoretiske innfallsvinklar, og vurdera tilhøvet mellom spørsmål og val av metode i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Emnet går første gong hausten 2022

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for SPLA313L">SPLA313L redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med SPLA313.
Krav til studierett
Studentar på lektorutdanninga ved Det humanistiske fakultet med spansk som fag I.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsform er seminar/førelesingar på til saman 12 timar, to timar per veke i 6 veker eller som blokkundervisning, der det er ein føresetnad ar studentane deltek aktivt gjennom semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall verta informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein 4-timars skuleeksamen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret.

Litteraturliste

Ca. 225 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar metode innan historisk forsking.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet.

Litteraturlista skal liggja føre innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk og latinamerikastudier.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.