Prosjektdesign og forskingsformidling for latinamerikastudium

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Emnet gjev innsyn i ulike typar forskingsstrategiar og prosjektdesign som er aktuelle i samband med utforminga av masteroppgåver i latinamerikastudium. Det skal dessutan gje studentane grunnlag for å definere eit masterprosjekt på strukturert vitskapeleg vis, ved å gje innføring i å skrive ei prosjektskisse, drøfte kva som kan vere aktuelle emne for oppgåva og gjere greie for aktuelle rettleiingsressursar på faget.

Innhald: Emnet inneheld ulike typar kjeldemateriale og eit utval sentrale teoretiske tekstar.

Det vil også innehalde eit kurs på biblioteket med innføring i ulike metodar for effektiv søking og bruk av digitale verktøy for å innhente oversyn over fagfeltet og informasjon om ressursar for fagleg oppdatering.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har

  • innsyn i eigna metodar for å innhente kjeldestoff og/eller data

Kompetanse

Studenten har

  • evne til å formulere gode problemstillingar og hypotesar på basis av etablert kunnskap (teori og tidligere forskning)

Generell kompetanse

Studenten har

  • evne til å analysere data og/eller tekst (i vid meining)

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men undervisninga skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar. Unntak er kurset på biblioteket som skjer på norsk eller engelsk.
Tilrådde forkunnskapar
Sjå "Krav til forkunnskapar"
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsform er seminar på normalt 20 timar som blokkundervisning, der det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt gjennom semesteret. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innanfor undervisningsperioden skal studentane halde ein munnleg presentasjon som er ei kritisk lesing/gjennomgang av ei nyare masteroppgåve. Faglærar er ansvarleg for val av aktuelle oppgåver.

Det er eit krav at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga. Kurset på biblioteket er obligatorisk.

Som integrert del av emnet, må studentane levere inn ein søknad som fortel fagkoordinator kva for disiplinar dei ønskjer å studere i arbeidet med masteroppgåva. I søknaden skal studenten sjølv rangere to disiplinar. Val av disiplin vil setje ei overordna ramme for masteroppgåva og samstundes rå over fordelinga av rettleiarar. 31. januar er endeleg frist for å sende inn søknad til fagkoordinator. Konkret informasjon om prosessen blir gitt ved semesterstart.

Arbeidskrava må vera godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen. Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
5 dagars heimeeksamen i mars.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Ca. 400 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar metode og teori innan formidling av forsking.

Studentane skal som hovudregel leggje opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne ved heimeeksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.