Praksisbasert bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er eit praksisbasert sjølvstudium i eit sjølvvalt tema. Emnet består av to delar: ein praksisdel og ei skriftleg oppgåve.

Formålet med emnet er å auke forståinga for tilhøvet mellom teaterpraksis og teori gjennom å hente inn kunnskapar om korleis teaterproduksjon går føre seg i praksis, samt å øve opp evna til vitskapleg handsaming av empiri og erfaring frå teaterpraksis.

Etter gjennomført praksis skal studenten skrive ei oppgåve som skal vere ei analytisk eller teoretisk handsaming av materialet og erfaringar frå praksis.

Praksisdelen skal bestå av inntil 4 normalarbeidsveker (ca. 150 timer) fordelt på ein eller fleire praksisperiodar hos produserande profesjonelle scenekunstinstitusjonar eller frie profesjonelle grupper, produserande/turnearrangerande offentleg forvaltning eller andre teaterinstitusjonar godkjent av fagmiljøet.

Praksis skal ligge nær kunstnariske produksjonsprosessar, og kan ha form av observasjon av til dømes prøver eller personassistanse av kunstnariske funksjonar som regissør, dramaturg, scenograf eller administrative funksjonar som produsent.

Det er forventa at studenten sjølv er aktiv i å skaffe seg praksisplass. Emneansvarleg kan hjelpe med å etablere kontakt med mogleg praksisplass, men studenten kan ikkje krevje å verte tildelt praksisplass.

Innhaldet i praksisperioden vert definert i ein kontrakt som skal signerast av studenten, emneansvarleg og praksisplassen v/kontaktperson.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten:

  • detaljerte kunnskapar om den konkrete teaterproduksjonen eller den teaterinstitusjonen studenten har hatt praksis
  • forståing for tydinga av problemstilling, metode og disponering i samband med skriving av ei akademisk-vitskapelig oppgåve
  • grunnleggjande kunnskapar om forskingsetiske problemstillingar i samband med teaterpraksis.

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • observere og analysere arbeidsprosessar i samband med teaterproduksjon
  • formulere ei teatervitskapeleg problemstilling med utgangspunkt i teaterpraksis
  • skrive ei sjølvstendig teatervitskapeleg oppgåve under rettleiing.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • formulere seg skriftleg på ein akademisk og teaterfagleg tilfredsstillande måte
  • diskutere og analysere nye teaterfaglege problemstillingar i skriftleg og munnleg form.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår/Haust

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Studenten skal ha bestått eksamen i emna TEAT112 Moderne teaterhistorie og enten TEAT113 Dramaturgi i teori og praksis eller TEAT115 Framsyningsanalyse og teaterkritikk.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av introduksjons- og metodekurs (felles med TEAT252), oppgåveseminar og individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten har fem obligatoriske aktivitetar:

1) Delta på introduksjons- og metodekurs (felles med TEAT252)

2) Legge fram utkast til oppgåva på oppgåveseminar (felles med TEAT 252)

3) Levere utkast til oppgåva til rettleiar og få minst éi individuell rettleiing.

4) Underskrive praksiskontrakt med praksisplass og emneansvarleg

5) Godkjent praksisdel. Praksisdelen blir vurdert som godkjent når kontraktsvilkåra for praksis er oppfylde.

Godkjent obligatorisk aktivitet er berre gyldig i undervisingssemesteret.

Vurderingsformer
Rettleidd semesteroppgåvepå om lag 15-20 sider (maksimum 7000 ord).
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår/haust.
Litteraturliste
Studenten utarbeider litteraturliste i samråd med emneansvarleg/rettleiar.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Emneansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.