Fysiologi og ernæringslære
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- TPBAFYS
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Undervisninga i fysiologi integrerer læringsutbytet frå anatomi-, kjemi- og biokjemiundervisningen, og har som mål å auke studentane si forståing av korleis kroppen sine organsystem samarbeider for å sikre at alle cellene i kroppen til ei kvar tid lever i eit optimalt miljø. Det vert fokusert på korleis det indre miljøet i kroppen (homeostasen) vert overvaka 24 timar i døgnet gjennom nervøse og hormonelle reflekser, og kvifor denne overvakinga er naudsynt for at kroppen skal fungere normalt.
Læringsutbyttet i fysiologi dannar grunnlag for den påfølgjande undervisninga i ernæringslære, som skal gje innsikt i samspelet mellom kosthold og helse. Målet er at studentane skal verte bevisste på at ernæringsråd som gjeld oral helse også spelar inn på helsa generelt.
Læringsutbyte
Etter fullført emne kan studenten:
Kunnskapar
- Beskrive sentrale fysiologiske prosessar i menneskekroppen som nervøs og hormonell kontroll, respirasjon og gasstransport, sirkulasjon og muskelkontraksjon og seksualfysiologi.
- Forstå basal ernæringslære og vite funksjonen til dei viktigaste næringsstoffa, sporstoffa og andre essensielle komponentar i ernæringa.
- Kjenne til korleis ein samlar kunnskap om ernæringssituasjonen til grupper i befolkninga og kva for anbefalingar for sunt kosthold som vert gjevne.
Ferdigheiter og generell kompetanse
- Forklare basale fysiologiske og ernæringsmessige forhold som kan påverke helsa til ein pasient.
- Delta i fagleg diskusjon med medstudentar og undervisarar innan emna fysiologi og ernæringslære.