Litteratur, interpretasjon og omsetjing

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek utgangspunkt i nærlesing av skjønnlitterære og andre tekstar og omsetjingane deira.

Med utgangspunkt i teksten som interpretasjons- og omsetjingsutfordring ligg fokus på omsetjing som forståing og forståing som omsetjing: Kva for ei rolle spelar omsetjinga for forståinga av og interpretasjonen av litterære og andre tekstar? På bakgrunn av sentrale teoriar om interpretasjon og omsetjing tek ein føre seg tekstaspektet på ulike nivå: Kva skjer med til dømes litterære metaforar og sosiolektale konnotasjonar i omsetjinga, korleis taklar omsetjarane dialektbruk, kva skjer med syntaktisk kompliserte og lange setningar?

TYS308 er ein obligatorisk del av mastergradsstudiet.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten

  • har god kunnskap om grunnleggjande teoretiske problemstillingar innan fortolkingsteori og omsetjingsvitskap
  • har god kunnskap om sentral terminologi og sentrale omgrep innan fortolkingsteori og omsetjingsvitskap

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan skildre og analysere fortolkings- og omsetjingsutfordringar av ulikt slag (t.d. morfologiske, syntaktiske, fraseologiske, dialektale og sosiolektale)
  • kan skildre og analysere fortolkings- og omsetjingsutfordringar i samband med omsetjing av tekstar frå ulike sjangrar
  • kan samanlikne original og omsetjing/fleire omsetjingar med henblikk på fortolkings- og omsetjingsstrategiar

Kompetanse:

Studenten

  • kan diskutere og formidle sentrale problemstillingar innan det valte emnet, både munnleg og skriftleg
  • er i stand til på eiga hand å oppdatere og utvide kunnskapane sine om det valte emnet
  • er skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for TYS308 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med TYS314, med 5 studiepoeng om det blir kombinert med TYS315 og med 10 studiepoeng om det blir kombinert med TYS308L
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.

  • 2 dobbeltimar
  • 9 veker (til saman 9 dobbeltimar litteraturvitskap og 9 dobbeltimar omsetjingsvitksap)

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det skrivast fire korte (500-750 ord) øvingsoppgåver (to i litteraturvitskap og to i omsetjingsvitskap) og haldast to munnlege presentasjonar (ei i litteraturvitskap og ei i omsetjingsvitskap) i tilknyting til undervisninga.

Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein heimeeksamen på ei veke (om lag 4000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste) og ein munnleg eksamen.

I heimeeksamenen vel ein mellom ei litteraturvitskapleg og ei språk- og omsetjingsvitskapleg problemstilling.

Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort i heimeeksamen. Det blir også stilt spørsmål til heimeeksamen og pensum.

Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50%.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum er på inntil 200 sider i kvar av emnedelane.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk