Tysk mastergradsoppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- TYS350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Tysk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Masteroppgåva er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor språk, litteratur eller fagdidaktikk.
Oppgåva skal vise at studenten kan skrive eit vitskapleg arbeid som tilfredsstiller fagdisiplinen sine sjangerkrav, er godt orientert i forskinga på det området han/ho har valt, og er i stand til å behandle ei problemstilling på ein fagleg tilfredsstillande måte.
Emnet inneheld òg eit kurs i oppgåveskriving.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Kandidaten
- har brei generell kunnskap innanfor faget og dybdekunnskapar innanfor eit avgrensa område
- har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
- har god kunnskap om oppgåveskriving i den aktuelle disiplinen
Dugleik:
Studenten
- kan arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
- kan setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
- kan gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kjenner normene for akademisk skriving, bruk av kjelder i tekst og referansehandtering
- kan bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
- kan uttrykkja på tysk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
Grunnkompetanse:
Studenten
- kjenner til relevante kommunikative sjangrar
- kan halda sjølvstendig fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
- kan skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
- kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Studenten vel tema for masteroppgåva i samråd med faglærar så tidleg som mogleg i andre semester. Instituttet legg til rette for at mastergradsstudentane kan leggje fram prosjektskisse/forarbeid eller deler av masteroppgåva på instituttseminar.
Studenten har rett til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt, som gjer greie for rettar og plikter, skal underskrivast av student, rettleiar og instituttleiar, normalt i byrjinga av det andre semesteret.
Emnet inneheld òg eit kurs i oppgåveskriving.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mastergradseksamen kan avleggjast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret og 1. september og 20. november i haustsemesteret.
Vurderinga skjer på grunnlag av masteroppgåva og ein justerande munnleg eksamen som normalt skal avviklast seinast tre veker etter innleveringa av masteroppgåva.
Masteroppgåva skal skrivast på tysk og vere på mellom 70 og 110 sider med vanleg skriftstorleik (12 Punkt), halvannan linjeavstand og vanlege margar.
Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) skal ha tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren ein karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Ein student har, etter søknad, høve til å levere masteroppgåva på nytt i same fag i fall oppgåva er heilt ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ny. Jf. Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet.