Grunnemne i tysk språk II, nettbasert

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet består av to delar. Den eine delen er eit kurs i tysk grammatikk og tek føre seg bruken av tyske modalverb og verbalsyntaks (dei infinitte verbformene, konjunktiv og passiv) som ein treng for å uttrykke seg komplekst og skriftspråkleg på tysk. Den andre delen er eit basiskurs i lydlære (fonetikk/fonologi).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grundig kunnskap om tysk grammatikk/språkstruktur i ei rekkje sentrale tema (t.d. konjunktiv, infinittsyntaks og passiv)
  • har gode basiskunnskaper i tysk fonetikk/fonologi
  • har grunnleggjande kunnskap om lingvistisk fagterminologi (òg kjennskap til fonetisk transkripsjon ved hjelp av IPA-teikn)

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruke grunnleggjande tysk grammatikk og fonetisk/fonologisk fagterminologi
  • kan skildre og analysere relativt kompliserte strukturar i det tyske språket
  • kan bruke enkle syntaktiske analyseverktøy og enkel fonetisk transkripsjon

Generell kompetanse

Studenten

  • har eit godt grunnlag for å utvida eigen praktisk og teoretisk kompetanse i tysk språk
  • er god førebudd på å halde fram tyskstudiet på 200-nivå

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet blir gjennomført første gong hausten 2021.

Undervisningsstad

Nettbasert.

Dette emnet finst òg som campusemne (TYS115) med eige opptak.

Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS105 / TYS625 eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS635 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS113, TYS113-F eller TYS115.
Krav til studierett
Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar online forelesingar som føreset aktiv deltaking frå studentane, og ei online øvingsgruppe.

  • Ein dobbeltime online forelesing og ein dobbeltime online øvingskollokvium
  • Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
  • 12 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75% av forelesingane.

Kvar veke skal det løysast ei oppgåve knytt til innhaldet i førebuingspakkane. 8 slike oppgåver må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Alle arbeidskrava må vere godkjende av faglærer i same semester før ein kan gå opp til skriftleg eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Eksamen er ein 4 timars skriftleg digital heimeeksamen.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk og øvingsoppgåver.

Litteraturlista er klar innan 1. juni.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Programansvarleg
Programstyret i tysk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.