Tysk 1b: Språk, kultur og digital kompetanse

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet er ei vidareføring av TYSK621 og skal bidra til vidare utvikling av fagleg trygge og reflekterte tysklærarar som kan bruke forskingsbasert kunnskap i eigen praksis. Emnet legg særskilt vekt på å utvikle den profesjonsfaglege digitale kompetansen til læraren.

Studenten skal utvikle ei djupare forståing for sentrale språklege, kulturelle og språkdidaktiske problemstillingar og kritisk utforske ulike digitale ressursar i eige studium og i klasserommet. Eit mål for emnet er òg å skapa interesse og glede for tysk språk, kultur og språklæring i eit livslangt perspektiv, og at dette vert spegla av i studenten si profesjonsgjennomføring.

Emnet er praktisk orientert. Det legg særleg vekt på korleis studenten kan fremme god språkopplæring i tråd med læreplanen for framandspråk og teoretisk kunnskap som gir aktive, utforskande og kreative elevar.

Innhald

Sentrale tema i studiet er:

1. Tysk språk i eit kontrastivt perspektiv

2. Språklæring og fleirspråklegheit som ressurs

3. Kulturuttrykk frå tyskspråklege område med særskilt vekt på film

4. Utvikling av interkulturell kompetanse

5. Bruk av språkteknologi og digitale ressursar

6. Forskingsbasert planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal

- ha innsikt i tysk som dannings- og dugleiksfag

- ha kunnskap om tysk språk og kunne bruke relevante fagord til å beskrive og samanlikne tysk med norsk og andre språk elevane kan.

- ha kunnskap om sentrale tema innan tyskpråkleg kultur og samfunn

- ha innsikt i teoriar om interkulturell kompetanse

- innsikt i teoriar om fleirspråklegheit og metakognisjon

- ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse

Ferdigheiter

Studenten kan

- kommunisere på tysk om ulike emne, og bruke varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon

- ta i bruk tysk som undervisningsspråk og trekkje inn andre språk ved behov

- ta i bruk forskingsbasert kunnskap for å planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanen for framandspråk

- leggje til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking og kreativitet i framandspråkopplæringa

- bruke digitale verkty i eige studium og i undervisninga og ha ei bevisst og kritisk haldning til desse

- bruke læringsfremjande, digitale vurderingsformer

Generell dugleik

Studenten kan

- reflektere over og vidareutvikle sin eigen språklege identitet og interkulturelle kompetanse

- reflektere over, vurdere og vidareutvikle eigen praksis

- bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen

- samhandle med andre i profesjonsgjennomføringa

Fulltid/deltid

Deltid (15 studiepoeng)

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning
Krav til forkunnskapar

Fullført lærarutdanning og tilsetjing i skolen. Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning.

Studenten må ha forkunnskapar i tysk tilsvarande nivå II (tidlegare B-språk) frå vidaregåande skole, eller ha budd ein lengre periode i eit tyskspråkleg land.

Emnet bygger på TYSK621: Språk, kultur og framandspråksdidaktikk (Kompetanse for kvalitet).

Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon

TYS100: 5 stp

TYS105: 5 stp

TYS625: 5 stp

DIDATYS1: 5 stp

TYSDI101: 5 stp

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er nettbasert, og all undervisning og kommunikasjon går føre seg på den digitale læringsplattformen til studiet. Undervisninga går over tolv veker og inneheld fire modular. Kvar modul har skriftlege og munnlege tekstar (filmar, podcastar) knytt til dei fire kjerneelementa i læreplanen for framandspråk. Studiet føreset aktiv munnleg og skriftleg deltaking på tysk og norsk frå studentane i form av blant anna diskusjonar i mindre grupper, prosjektbasert læring og sjølvstudium. Studentane får tilgang til eit digitalt ressursbibliotek som er særskilt utvikla for studiet. Kvar student får dessutan tilbod om ein tyskspråkleg tandempartnar for å fremme jamleg kontakt med tysk språk og kultur.

Studentane får jamleg underveisvurdering frå lærarar og medstudentar knytt til oppgåver og deltaking i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga føregår onsdagar. Det er obligatorisk å vere tilstades på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid), medan siste del av undervisninga onsdag er eit frivillig ekstratilbod for dei som ynskjer meir språkleg trening.

Det er tre obligatoriske innleveringsoppgåver på emnet:

1. Innlevering av gruppearbeid, med individuell skriftleg del (maks 2000 ord)

2. Individuell, skriftleg innlevering (maks 1000 ord) med ein munnleg (maks 8 minutt video) del

3. Individuell, skriftleg innlevering (maks 1200 ord)

Desse må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering. I tillegg har studentane tilbod om å utføre varierte, frivillige oppgåver kvar veke. Alle oppgåvene, både dei obligatoriske og dei frivillige, får undervegsvurdering.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfylgjande semesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurderinga er ei mappeinnlevering og ei munnleg prøve i form av ein diskusjon mellom faglærar og student på læringsplattformen knytt til pensum for emnet. To av dei obligatoriske innleveringane gjennom kurset utgjer mappa. Studentane vel sjølve kva for innleveringar som skal vere med i mappa. Mappetekstane og den munnlege prøva utgjer 50% kvar av sluttvurderinga.

Ved eksamen i det følgjande semesteret (midtsemestereksamen) leverer studenten som har oppfylt krava til obligatorisk undervisningsaktivitet i undervisningssemesteret, omarbeidde mappeoppgåver utan vidare rettleiing.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Tilsvarande om lag 750 siders pensum, inkludert film, video, innspelt undervisning, og anna audiovisuelt materiale.

Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevaluering skjer i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.