Gravejournalistikken sitt grunnlag

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å etablere eit historisk, teoretisk, etisk og praktisk grunnlag for ei praktisk og teoretisk fordjupning i undersøkande journalistikk. Undersøkande journalistikk blir plassert inn i fagets samanheng. Samtidig blir dette gjort aktuelt gjennom drøfting av aktuelle døme på gravejournalistisk verksemd. Det blir lagt vekt på utforsking av publiserte og omdiskuterte grave-case samt tett samarbeid med undersøkande journalistikkmiljø. Emnet skal vidare bidra til oversikt og innsikt i relevante samfunnsinstitusjonar sine operative roller, i tillegg til dei rammefaktorane som bidreg til å setje premiss for undersøkande journalistikk. Emnet gir ein første oversikt i relevante metodar. Særleg vil det bli vektlagt oversikt innan datajournalistikk.

Modul 1 fokuserer på analyse og diskusjon av case i undersøkande journalistikk der reporterane har utmerka seg med spesielt interessante metodetilnærmingar eller resultat som har fått store konsekvensar og ført til handfaste endringar i samfunnet. Problematiske og omdiskuterte case vil også bli ettergått i konstruktivt lys. Her vil det bli arbeidd spesielt tett med gjestelærarar frå bransjen og frå ulike samfunnsinstitusjonar. Aktuelle tema kan hentast frå for eksempel helsejournalistikk, økonomijournalistikk, sportsjournalistikk, miljøjournalistikk eller kulturjournalistikk.

Modul 2 drøftar historisk og samtidig plassering av den undersøkande journalistikk. Det blir gitt oversikt og innsikt i institusjonar som samfunnsaktørar, og relevante rammevilkår innanfor etikk og jus, ikkje minst innsyn og offentleghetslov, blir løfta fram og drøfta. Gjennom workshops får studentane høve til å bryne argument og også praktisk trening når dei arbeider med ulike former for oppgåveløysing.

Modul 3 har eit eksplisitt fokus på bruk av nye teknologiar i undersøkande journalistikk. Her vil studentane få oversikt over, og trene på, teknologiar som kan brukast til datainnsamling, analyse og presentasjon av gravemateriale for eksempel gjennom datavisualiseringar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • kan forklare, diskutere og kritisk evaluere aktørrolla til sentrale norske samfunnsinstitusjonar
  • kan forklare, diskutere og kritisk evaluere tema som handlar om offentlegheitslov, personvern og etiske retningsliner i undersøkande journalistikk

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere og kjenne att sterke og svake sider ved metodar og data brukt i ulike former for undersøkande journalistikk
  • kan gjere bruk av datajournalistiske verktøy og andre former for ny teknologi i sjølvstendige graveprosjekt, og reflektere vitskapleg over desse tilnærmingane

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan feltet undersøkande journalistikk
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor fagområdet undersøkande journalistikk, både med spesialistar og eit allment publikum

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til studierett
Masterprogram i undersøkande journalistikk
Arbeids- og undervisningsformer
Workshops, instruksjon og rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk, og inkluderer blant anna:

  • Deltaking i workshops og øvrig undervisning
  • Innlevering og godkjenning av oppgåver i samband med workshops
  • Gruppeprosjekt

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen som går over tre (3) dagar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.