Masteroppgåve i undersøkande journalistikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

For masterprosjektet har ein to alternativ; eit praktisk-teoretisk arbeid, eller ei teoretisk masteroppgave.

Praktisk-teoretisk prosjekt

Dersom ein vel det praktisk-teoretiske alternativet vil masterprosjektet innehelde ein produksjonsdel og ein teoretisk del. I produksjonsdelen kan studentane velja enten å levera eit undersøkande journalistisk arbeid, åleine eller saman med andre, eller levera eit researchdokument basert på deltaking i andre sine graveprosjekt (til dømes produksjonsselskap eller eksterne redaksjonar). Produksjonen blir kombinert med ei skriftleg, individuell masteroppgåve på 40-50 sider som bør være tematisk relatert til produksjonen, men som samstundes skal vere eit sjølvstendig teoretisk arbeid. Oppgåva skal ha ein metodedel «SKUP-rapport» og ein teoretisk del. I den teoretiske delen løftar studenten fram ei problemstilling basert på eige arbeid.

Teoretisk oppgave

Om ein vel den teoretiske masteroppgåva, vil ein i utviklinga av prosjektdesign (2.semester) utvikla eit reint teoretisk design.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har avansert kunnskap innan fagområdet journalistikk og spesialisert innsikt i undersøkande journalistikk
  • har inngåande kunnskap om fagområdets vitskaplege teoriar og metodar
  • kan bruke kunnskapane og ferdigheitene til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap, og å bruke denne kunnskapen i sjølvstendig og kreativ undersøkande journalistikk eller i teoretisk-analytisk tilnærming til slik journalistikk

Dugleik:

Studenten

  • kan identifisere og gjere nytte av relevante forskingsmetodar i praktisk retta produksjonar
  • kan utvikle sin eigen prosjektplan i undersøkande journalistikk og gjennomføre sitt eige forskingsprosjekt
  • har innsikter i eit bredt spekter av digitale og andre verktøy for datainnsamling og dataanalyse i undersøkande journalistikk
  • har ferdigheiter i akademisk skriving og presentasjon
  • kan reflektere over, og argumentere for, metodiske og etiske val i arbeidet med eit større prosjekt i undersøkande journalistikk
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere uttrykksformene i journalistikken, eller kan formidle omfattande innsikter i feltet teoretisk-analytisk

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere uttrykksformene i journalistikken
  • kan arbeide individuelt og i team
  • kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar innan undersøkande journalistikk
  • har demonstrerte ferdigheiter i akademisk skriving og presentasjon
  • har vist løysingsfokusert innsikt i ulike dilemma og utfordringar som oppstår undervegs i større undersøkande prosjekt

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
  • UJO301
  • UJO302 eller UJO304
  • Studiepoengsreduksjon
    Ingen
    Krav til studierett
    Masterprogram i undersøkande jornalistikk
    Arbeids- og undervisningsformer
  • Rettleiing/produksjonsleiing
  • Seminar
  • Workshops
  • Presentasjon av masteroppgåve
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Rettleiing i samband med masteroppgåva
  • Deltaking på seminar og workshops
  • Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan levere masteroppgåva

    Vurderingsformer

    Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen.

    Masteroppgåva består av:

    • produksjonsdel
    • metoderapport/teoretisk del - på til saman om lag 50 sider

    eller

    • ei teoretisk oppgåve på om lag 80 sider

    Masteroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Haust/vår

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.