Metoderapport - kritiske og praktiske perspektiv

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studentane både ei praktisk og kritisk tilnærming til det å skrive metoderapport i samband med undersøkande journalistikk.

I den praktiske tilnærminga blir form og innhald til konkrete metoderapportar undersøkt, analysert og drøfta. Det er eit spesielt fokus på metoderapportar til SKUP (Sammenslutningen for en Kritisk og Undersøkende Presse), men også rapportar frå andre samanhengar kan bli nytta. I den kritiske tilnærminga blir sjølve rapportsjangeren problematisert og drøfta: kva fortel rapportane om journalistikkens - og spesielt den undersøkande journalistikkens - eigenidentitet og status?

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har avansert og kritisk kunnskap om forholdet mellom gravejournalistikk og (eigen-)forteljinga om gravejournalistikk
  • har kunnskap om formal og innhald for metoderapport etter eit journalistisk graveprosjekt.
  • har kunnskap om kva metoderapporten fortel om den undersøkande journalistikkens status og eigenforteljing i historie og samtid.

Ferdigheiter:

  • kan kritisk reflektera over eigne og andre sine forteljingar om gravejournalistikk
  • kan skriva metoderapport.
  • kan analysera og kjenne att sterke og svake sider ved metodar i metoderapportar.

Generell kompetanse

  • kan kommunisera om faglege problemstillingar, knytt til metoderapport-formatet, i relevante samanhengar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
UJO301 (5sp)
Krav til studierett
Videreutdanningskurs. Opptak til emnet skjer gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Samlingar, workshops, seminar, førelesingar, gruppearbeid, digital undervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Éi deloppgåve under rettleiing undervegs i kurset. Nærare informasjon blir gitt ved kursstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg emneoppgåve. Studentane skal formulera problemstilling med utgangspunkt i aktuelle metoderappotar til SKUP og kritisk drøfta desse i lys av relevante faginnsikter.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Vår/haust

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og  01.12 for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap