Forskingsrettleiing

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Bidra til å styrke den enkelte vitskapleg tilsettes kompetanse i høve rettleiing av doktorgradskandidatar.

  • Gje deltakarane auka forståing av ulike tilhøve som fremmer og hemmer læring.
  • Gje deltakarane ei innføring i ulike rettleiingstradisjonar og rettleiingspraksisar.
  • Gje deltakarane auka innsikt i ulike tilhøve som påverkar relasjonen mellom rettleiar og doktorgradskandidat, og kva som skal til for å sikre kandidatane sin progresjon.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført kurset skal deltakarane:

Kunnskapar:

  • Kjenne til nokon sentrale teoriar om læring
  • Kjenne til nokon sentrale rettleiingstradisjonar og rettleiingspraksisar
  • Ha kunnskap om ulike tilhøve som har tydning for motivasjon og læring

Ferdigheiter

  • Vere i stand til å identifisere mogelege læringsmessige tersklar og barrierer knytt til eige fag og til kandidatane sitt arbeid
  • Vere i stand til å bistå eigne kandidatar til å overkomme eventuelle læringsmessige barrierer og til å nå oppsette mål

Generell kompetanse:

  • Være medviten si eiga rolle som rettleiar og

kunne identifisere og handle adekvat på ulike utfordringar av relasjonell og fagleg karakter.

Studiepoeng, omfang

5

Undervisningssemester

Kurset går ikkje regelmessig, sjå kurskalendar: www.uib.no/uniped/tilbud/kurskalender

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Kurset er ope for faste tilsette i vitskaplege stillingar ved Universitetet i Bergen. Deltakarar på «Utviklingsprogram for universitetspedagogikk» har førsteprioritet.
Arbeids- og undervisningsformer

Kurset består av to samlingar samt arbeid i mellomperioden. Den første samlinga strekkjer seg over to dagar. Her vil ein variere mellom korte presentasjonar, gruppediskusjonar med utgangspunkt i case og bidrag frå deltakarane. I perioden mellom første og andre samling skal deltakarane arbeide med eit prosjekt. Andre samling består av ein dag der deltakarane presenterer sine prosjekt for kvarandre og mottek tilbakemelding. Maks antal deltakarar er 20.

Prosjekt

Deltakarane vil kunne velge mellom to ulike prosjekt, anten:

1. Utforme eit rettleiingsopplegg knytt til eige fag/praksis, tenkt eller faktisk for eit konkret tilfelle.

Eller:

2. Med utgangspunkt i eit utlevert case diskutere ulike utfordringar/svakheiter og presentere eit alternativt opplegg. Prosjektet skal beskrivast i form av ein skriftleg rapport. Den skriftlige rapporten skal ha eit omfang på 1500-2000 ord. Deltakarane vil få utlevert ein mal som spesifiserer struktur/innhald for rapporten. Den enkelte får tilbakemelding av andre kursdeltakarar på sitt prosjekt/framlegg på andre samling. Denne tilbakemeldinga skal innarbeidast i den skriftlige rapporten som skal leverast på ein nærare gitt dato etter andre samling. Kurset er ikkje godkjent før endeleg rapport er innlevert. Rapportane skal være utforma på ein måte som gjer at dei kan publiserast på Program for universitetspedagogikk sine nettsider: www.uib.no/uniped

Vurderingsformer
Innlevering av skriftleg rapport.
Litteraturliste
Det er utarbeidd ei litteratursamling som består av ei bok samt utvalde artiklar. Denne vil bli utdelt ved kursstart.
Emneevaluering
Kursdeltakarane føretek ei skriftleg evaluering av kurset.
Institutt
Institutt for pedagogikk