Hjem
Spansk språk og latinamerikastudium
Kjell Helland tok graden som 76-åring:

Frå matros til master

- Då eg byrja på Statsraad Lehmkuhl, hadde eg akkurat fylt femten år. Det var vinteren 1954. Då traska eg opp på universitetshøgda her i marineuniform, fortel Kjell Helland. No har 76-åringen frå Sunnmøre fullført mastergraden i spansk ved Universitetet i Bergen.

Kjell Helland saman med rettleiar Åse Johnsen.
Kjell Helland saman med rettleiar og instituttleiar Åse Johnsen ved Institutt for framandspråk.
Foto/ill.:
Janne Fossheim Lønne, Universitetet i Bergen

Hovedinnhold

Helland valde ingen akademisk yrkesveg. Etter å ha vore matros på skuleskipet Statsraad Lehmkuhl, var han i marinen og tok så full utdanning som sjøoffiser. Det meste av yrkeslivet reiste han til sjøs. Siste delen av yrkeslivet arbeidde han som vakt ved Aker Yards utanfor Ålesund.

- Eg har reist over alt og på alle «dei sju hav». Samanlagt har eg vore i over 80 land, seier Helland.

 

Karibia og Sør-Amerika

Interessa for spansk starta då han som sjøoffiser segla på Karibia og Sør-Amerika.

- Der syntest eg det var så uallminneleg trist at vi ikkje forsto noko av det som vart sagt, seier den stillfarande sunnmøringen.

Men Helland tok tak i problemet. I land i Chile kjøpte han litt litteratur på spansk, deretter tok han korrespondansekurs. Og på høgaste nivået av skipsførarutdanninga hadde han to timar spanskundervisning i veka.

Seinare tok Helland språkinteressa med seg inn i den akademiske verda. Han har bachelorgradar med spesialisering i både spansk  og engelsk frå Institutt for framandspråk, UiB. Våren 2015 har han sett krona på verket gjennom å fullføra mastergraden i spansk språk. Her har han undersøkt kva strategi som er brukt i dei norske omsetjingane av to romanar av forfattaren Gabriel García Márquez: Blir dei kulturelle elementa i teksten omsette til norske forhold, slik at forfattaren vert ført til lesaren, eller blir desse elementa haldne mest mogleg lik originalversjonen, slik at omsetjaren fører lesaren til forfattaren.

 

- Måtte stå på

Helland har vore deltidsstudent på masterstudiet frå 2012 til no, og i denne perioden har han budd mykje i Bergen. Tidlegare i studiet har han  pendla meir mellom Brattvåg på Sunnmøre og Bergen for å få med seg all undervisninga.

- Det var mange gonger eg tenkte å senda ein e-post om at no gjev eg meg. Du må stå på heile tida. Men står ein på, kan ein greia det utrulege, slår Helland fast. Samstundes har han lært at det òg kan vera klokt at ta kvilepausar innimellom. Som han seier det: - Hjernen er jo ein muskel som kan bli trøytt av og til.

- Kva har vore det beste med masterstudiet?

- Det beste var å vita at no veit eg meir og meir, og at eg no er komen opp på eit nivå eg aldri trudde eg skulle nå. At eg fekk mastergraden, er det høgaste i mitt vaksne liv. Men litt trist er det òg no når eg er ferdig med studiet.

 

Livslang læring

Den ferske masteren har eit lite hus med ein stor hage heime på Helland ved Brattvåg. Men han har ikkje tenkt å leggja spansken på hylla. Til hausten vil han til Spania for å øva seg i å bruka språket munnleg. Dessutan har han tenkt å halda fram med å analysera omsett litteratur. Så bøker kjøper han inn på både spansk og norsk.