Hjem
Forskergruppe for erstatningsrett og forsikringsrett
Doktorgradsprosjekt

Dobbeltforsikring – ansvar og tapsfordeling ved forsikringar knytt til same tap

Med dei mange skadeforsikringane som er på marknaden, kan det lett tenkjast at den sikra har overlappande forsikringsavtaler. Samstundes er det eit grunnleggjande prinsipp i skadeforsikringsretten at den sikra berre skal få dekt tapet sitt, og ikkje tene på forsikringstilfellet. Dette leier til spørsmål om kva for nokre forsikringsføretak den sikra kan få erstatning frå og korleis tapet skal fordelast mellom forsikringsføretaka. Stipendiat Ingrid Marie Myklebust ser i sitt ph.d.-prosjekt nærare på dette.

brannmann slukker brann
Stipendiat Ingrid Marie Myklebust forskar på forsikringsavtaler og kva det vil seie at fleire forsikringar dekkjer same tap.
Foto/ill.:
Photo by Timothy Eberly on Unsplash

Hovedinnhold

Det følgjer av forsikringsavtalelova § 6-3 at den som har fleire forsikringar som dekkjer «samme tap», kan velje kva rekkjefølgje han krev erstatning frå dei ulike forsikringsføretaka i, fram til han har fått erstatninga han i alt har krav på. For å unngå at tapet vert vilkårleg plassert, bestemmer føresegna at erstatninga deretter skal utliknast samhøveleg mellom selskapa ut frå kvart selskaps ansvar. I ph.d.-prosjektet sitt ser Myklebust nærare på denne regelen. Dei to sentrale problemstillingane i prosjektet er 1) kva som ligg i vilkåret «samme tap» og 2) korleis forsikringsavtalene kan utformast for å unngå at dobbeltforsikring oppstår, utan at det dimed oppstår utilsikta hol i forsikringsdekninga. 

Den første av desse problemstillingane handlar om kor stor likskap det må vere mellom forsikringsdekningane for at regelen i § 6-3 skal kome til bruk. Saker om nye forsikringsprodukt, til dømes bustadseljarforsikringane, har synt at det er trong for større forståing for innhaldet i dette vilkåret. For å klarleggje innhaldet i vilkåret, vil Myklebust mellom anna analysere konseptet forsikringsrettsleg interesse. Desse generelle analysane vil knytast opp mot praktiske konstellasjonar av landjords- og sjøforsikringar som kastar lys over ulike sider ved vilkåret «samme tap». 

Den andre problemstillinga spring ut av erkjenninga av at dobbeltforsikring ofte er økonomisk ineffektivt som følgje av at det vert betalt for meir forsikringsdekning enn den sikra kan nytte. Eitt av verkemidla som kan tenkjast brukt for å unngå dobbeltforsikring, utan å skape hol i forsikringsdekninga, er ulike typar vilkår som gjer selskapets ansvar avhengig av kva anna forsikringsdekning den sikra har. Myklebust vil søkje å klarleggje kva tilgang det er til å nytte denne typen vilkår i forsikringsavtaler og korleis slike vilkår påverkar kven som lyt bere tapet til sist. Denne problemstillinga er ein inngangsport til meir grunnleggjande spørsmål om tilhøvet mellom solidarisk ansvar og regress, og kva som ligg i forbodet mot at avtaler har negative verknadar for tredjemenn.