Hjem
Evolusjonær økologi
Reisebrev

Reisebrev frå Sør-Atlanteren

Et reiselag fra BIO er på tokt i Sør-Atlanteren.

Maneter på dekk av et fartøy ute på havet
Foto/ill.:
Anne Gro Vea Salvanes

Hovedinnhold

Ekspedisjonen med Dr. Fridtjof Nansen i Benguela oppstraumsøkosystemet og ut i Sør-Atlanteren er nå inne i sine siste dagar. Her har Frank Midtøy, Dag Aksnes og Anne Gro Vea Salvanes vore med på eit lite eventyr i regi av Science plan til EAF-Nansenprosjektet. Båten har gått i eit transekt langs 23 grader sør for å studere miljøvariable og mesopelagisk fisk langs ein gradient heilt ut i Sør-Atlanteren til der det var 3500 m djupt. Vi kom ned til Afrika i sand og støvstorm på ei tid det var snøstorm i Norge. Vinden har følgd oss dei fleste dagane, og vi har fått rulla godt, med ein roleg dag. Trass i vind og uroleg sjø, er det komen opp mange spennande prøvar. Ute i Atlanteren kom det opp så mykje som 71 artar av mesopelagisk fisk. Vi kan ikkje skryta på oss å ha artsbestemt desse.

Heldigvis har det vore taxonom om bord, og som har kvalitetsikra artsnamna. Inne på sokkelen tok vi eit bunntrålhal for å få prøvar av Sufflogobius bibarbatus – populært kalt Benguela-kutlingen. Det kom opp 3 tonn hestmakrell, men vi kunne plukka ut ein fin prøve med kutling til nærmare undersøkingar. I dag har vi trålt på pelagiske ekkoregistreringar rein ikkje visste kva var. Vi hadde nok trålen ute i lengste laget. Det kom det opp omlag 10 tonn med brennmanet. Vi nærmar oss land. Der skal vi opparbeide prøvar av kutling på eit underlag som står i ro, og utan å sette sjøbein for å halda oss oppreiste.