Hjem
Forskergruppe for forvaltningsrett

Om forskargruppa

Hovedinnhold

Gruppa er leia av professor Ingunn Elise Myklebust og Sigrid Eskeland Schütz, og er samansett av personar som arbeider med ulike forvaltningsrettslege problemstillingar. Forvaltningsrett har vore eit fagleg tyngdepunkt ved fakultetet i Bergen, og fleire av doktorgradane har vore innan den alminnelege og spesielle forvaltningsretten.

Meir om forskargruppa i forvaltningsrett 

Forskargruppa er først og fremst ein møteplass der viktige tankar og problemstillingar delast og kjem til nytte i individuell vitskapeleg produksjon, føredrag, formidling og undervising. Forskargruppa har ein særleg viktig funksjon i samband med rekrutteringsprosjekt, både for studentar som skriv master­oppgåver og for stipendiatar. Vi ønskjer å vere ein viktig møteplass for både våre yngre for­skarar, men også for stipendiatar frå andre fakultet i Norge og Europa, og tek gjerne i mot besøk både for kortare eller lengre opphald, men også via webinar og andre nettmøte. Gjennom dialog og sam­arbeid sikrar vi stadig ny kunnskap både for nye og etablerte forskarar.  

Saman om kunnskap og formidling

Gruppa har gjort fleire viktige arbeid saman, som i 2015, der vi skreiv ei bok saman om «Forholdsmessighetsvurderinger i forvaltningsretten», red. Karl Harald Søvig. Forskargruppa har også vore sentral både i boka «Undring og erkjennelse», Festskrift til Jan Frid­thjof Bernt, 2013, red. Karl Harald Søvig, Sigrid Eskeland Schütz og Ørnulf Rasmussen og i boka «Likestilling, barn og velferd, Retts­­­felt i utvikling», 2020, red. Sigrid Eskeland Schütz, Ragna Aarli og Henriette Sinding Aasen. Endeleg kan det nemnast at Ingunn Elise Myklebust og Karl Harald Søvig også har delteke med artiklar til artikkel­­­sam­linga «Ugyldig­het i for­valtnings­retten», 2019, red. Henriette Nilsson Tøssebro, som på den tida var knytt til UiO.