Hjem
Geokjemi & Geobiologi

Kvantifisering av assosiasjonar mellom mikrobielle og geokjemiske prosessar i den djupe biosfæra

PhD-prosjekt: Tor Einar Møller

Hovedinnhold

Prosjektnamn

Kvantifisering av assosiasjonar mellom mikrobielle og geokjemiske prosessar i den djupe biosfæra

Rettleiar

Steffen Leth Jørgensen, Bjarte Hannisdal

Finansiering

K.G. Jebsen-senter for Dyphavsforskning, Bergen Forskningsstiftelse (BFS)

Prosjektskildring

Den djupe biosfæra yrer av liv, men me veit lite om kva som styrer dei store mikrobielle og geokjemiske prosessane. Gjennom eit tiår har det tidlegare Senter for Geobiologi samla inn mykje data frå mellom anna sedimentkjerner og hydrotermale skorsteinar, hovudsakleg langs den Arktiske midthavryggen i Atlanterhavet. For å analysere desse datasetta skal eg gjere dei tilgjengelege i ein database på nett og byggje opp eit verktøyskrin (i R) som eg skal bruke til statistisk analyse. Slik skal eg forsøkje å talfeste prosessane og dei mekanistiske koplingane mellom mikrobene og deira omgjevnader i den djupe biosfæra.