Hjem
Forskargruppe for europarett
Workshop

Noreg si tilknyting til finansmarknaden i EU

Forskergruppen for EU/EØS konkurranse- og markedsrett ønsker velkommen til workshop om "Noreg si tilknyting til finansmarknaden i EU", Torsdag 5. September på det Juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Workshop om Noreg si tilknytning til finansmarknaden i EU
Foto/ill.:
Anthony Tyrell (Unsplash)

Hovedinnhold

Vi inviterer til ein uformell oppstartsworkshop her ved Det juridiske fakultet i Bergen, Torsdag 5. September kl. 09.00 til 15.00, for å diskutere aktuelle problemstillingar rundt prosjektet «EØS-finanstilsyn – Noregs tilknyting til EUs tilsynssystem for finansmarknaden». Prosjektet har som mål å kartleggje og vurdere styrkar og veikskapar ved Noregs rettslege tilknyting til EU sitt finanstilsyn frå ulike perspektiv– statsrettsleg, forvaltningsrettsleg, prosessrettsleg, EØS-rettsleg og EU-rettsleg. Prosjektet er finansiert av Finansmarknadsfondet, og leiast av professor Halvard Haukeland Fredriksen. Det er tilsett ein postdoktor på prosjektet, Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund, som skal identifisere og undersøkje dei for Noreg viktigaste problemstillingane knytt til den komande revisjonen av EU sitt finanstilsyn. Det er vidare tilknytt ein masterstudent til prosjektet for hausten 2019/våren 2020, Marte Dahl Reisæter, som skal skrive ein 60 poengs masteroppgåve innanfor temaet på fakultetets stipendordning.

Før sommaren vart Finanstilsynsrevisjonspakka vedteken i EU, og det første vedtaket frå ESA under tilknytingsmodellen kom i juli i fjor. Føremålet med workshopen er å sondere terrenget, og diskutere kva slags problemstillingar som er interessante å nytte meir tid på i prosjektet.

Workshopen vil finne stad på Beccle sitt møterom, adresse Jekteviksbakken 31, 5006 Bergen.

For mer informasjon om prosjektet, trykk på denne linken.

Vel møtt!

 

Program for torsdag 5. september 2019:

  • Kl. 09:00: Velkomst og eit par ord om prosjektet, av professor Halvard Haukeland Fredriksen og postdoktor Ingrid Barlund
  • Kl. 09:15: ESA sitt spelerom under tilknytingsmodellen til EUs finansbyrå, av postdoktor Ingrid Barlund
  • Diskusjon
  • Kl. 10:00 Kaffepause
  • Kl. 10:15: Private sitt rettsvern under tilknytingsmodellen i finansmarknaden, av masterstudent Marte Dahl Reisæter
  • DiskusjonKl. 10:45: Pause
  • Kl. 11:00: Tredjelandsproblematikk på kapitalmarknadsområdet, av masterstudent Astrid Rikheim
  • Diskusjon
  • Kl. 12:00: Lunsj for inviterte
  • Kl. 13:00 Tilknytingsmodellen til EUs personvernbyrå, av masterstudent Guro Aasbø
  • Diskusjon
  • 14:00: Kan byråmodellen fungere utan eit prinsipp om direkte verknad?, av professor Tarjei Bekkedal
  • Diskusjon
  • 15:00: Slutt