Hjem
Kvartærgeologi & Paleoklima
Masterprosjekt V19 KGS

Masterprosjekt vår 2019 ved GEO - Berit Hjelstuen

Undersjøiske masserørsler i Byfjorden (Bergen) – klassifikasjon, alder og frekvens

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse

Fjordsystema langs vestkysten av Noreg er blant verdas lengste og djupaste. Kartleggjing har vist at sedimentbassenga i desse fjordane inneheld høgoppløyselege marine arkiv som dokumenterer kva for sedimentære prosessar og avsetningsmiljø ein har hatt på land og i sjølve fjordane under og etter siste deglasiasjon av Noreg. Sedimentarkiva viser at masserørsler som turbidittar og undersjøiske skred har vore ein svært aktiv sedimentær prosess, og opp mot 70% av avsetningane ein finn avsatt i fjordarkiva kan bestå av materiale frå slike prosessar.

Hypotese (vitenskapelig problem)
Sjølv om kunnskapen om masserørsler i fjordsystem har auka betraktleg dei siste fem åra, er det framleis gjordt lite arbeide på å kartlegge dimensjonar og geometrien til dei avsatte masserørslepakken samt å korrelere desse mellom dei ulike fjord bassenga. I denne oppgåva vil fokusen vere å kartlegge avsetningar relatert til masserørsle, og med hjelp av tilgjengelege kjerner og informasjon frå litteratur skal alder, frekvens og potensielle utløysningsmekanismar bli forsøkt bestemt.

Test (arbeid)
I prosjektet skal kandidaten analysere og tolke eit tett gridd av TOPAS høgoppløyselege seismiske data frå Byfjorden. Tilgjengelege sedimentkjerner, som allereie er analyserte, skal bli benytta for å løyse problemstillinga og kandidaten skal i tillegg nytte ArcGIS for å koble fjorden mot landdata.

Krav for opptak

GEOV110 eller tilsvarende

Felt-, lab- og analyse- arbeid
Analyse og tolking av TOPAS høgoppløyselege data i tolkeprogrammet Petrel.

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 sp)

GEOV272, GEOV300, GEOV372.

Dei resterande emna kan velgjast i samråd med hovudveilder