Hjem

Forskargruppa Lov og kultur i det førmoderne nord

Hovedinnhold

Carta marina

Lov og kultur i det førmoderne nord

Forskargruppeleiar er Helen F. Leslie-Jacobsen

Leiargruppe

Leiargruppa for forskargruppa er:

Om nokon ønskjer å bli med i forskargruppa er det berre å ta kontakt med Patrick Farrugia (patrick.farrugia@uib.no) for å bli lagt til epostlista. 

Lov og kultur i det førmoderne nord er ei tverrfagleg forskargruppe ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen. Medlemmene har ei felles interesse for utviklinga av rettslege og kulturelle praksisar knytt til dei historiske prosessane som gjekk føre seg i Nord-Europa (fastlands-Skandinavia så vel som øyane i Nord-Atlanteren), inkludert, men ikkje avgrensa til politiske, administrative, kulturelle og økonomiske fenomen, produksjon og spreiing av rettskodar, og samspelet mellom normdanning og statsdanning. Gruppa undersøkjer desse emna frå filologiske, historiske, juridiske og politiske perspektiv, og tek mål av seg til å utvikla eit meir nyansert bilete av samspelet mellom kulturelle og rettslege utviklingar i førmoderne tid.

Forskargruppa vert for tida driven av prosjektet Mellomalderlov i endring: nyvinningar og bruksmåtar i førmoderne norske lovhandskrift, med den målsettinga at gruppa skal fungera som ein paraply for prosjekt knytt til lov i mellomalderen og tidleg nytid ved Universitetet i Bergen og andre institusjonar.

 

Nyhet
The seal of Stephen I of England

Lesegruppe og forelesninger om administrasjon i middelalderen

Vi har gleden av å invitere dere til en ny og tverrfaglig forskergruppe. Lov og kultur i det førmoderne nord er opprettet på LLE av prosjektet “Transformations of Medieval Law”, og drives av Helen Leslie-Jacobsen, Ole-Albert Nordby og Julián Valle.

Podcast
Norse files podcast

The Norse Files

En ny podcast om norsk middelalderhistorie, for et engelskspråklig publikum.