Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Forskergruppen presenterer

Islandske skrivarar på latinske fragment

Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin, fortel om skrivarhender på latinske fragment i Riskarkivet.

Ulike handskriftfragment
Foto/ill.:
Hilde Kristin Strand

Hovedinnhold

At latinen sto sterkt både på Island og i Noreg er no anerkjent og dokumentert, men det er likevel ei utfordring å bli tverrfaglege nok i studiet av skriftkulturen både i Noreg og på Island. Med omsyn til det latinske fragmentmaterialet i Riksarkivet i Oslo byrja fleire forskarar for omkring eit tiår sidan å få mistanke om at nokre av skrivarane på liturgiske fragment var opplærte på Island. Dette gjeld først og fremst materiale datert til ca. 1250-1350. Er ein del av dei lokalproduserte liturgiske bøkene laga av islendingar som arbeidde i Noreg? Kan også liturgiske fragment reknast som restar etter norsk-islandske lærde miljø i norske byar? Og er det eigentleg mogleg å sikkert skilje norske og islandske skrivarhender når språket er latin?

Åslaug Ommundsen er professor i mellomalderlatin, men har spesialisert seg innenfor handskriftsstudium og paleografi. Hun fullførte ei doktoravhandling i 2007 ("Books, scribes and sequences in medieval Norway.") og et post-doktor-studium i 2012. Mellom 2012 og 2017 drev hun forskingsprosjektet "Frå handskriftsfragment til bokhistorie". I tillegg til norske  mellomalderfragment har Åslaug arbeidet med og publisert artikler om klosterhistorie, helgenkult og hagiografi.

 

Alle interesserte er hjarteleg velkomne!