Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Forskergruppen presenterer

Språkendring gjennom 2000 år

Eldar Heide diskuterer språkendringane i norrønt og norsk på 500-talet, i seinmellomalderen og i dag.

Hovedinnhold

I dette føredraget skal eg drøfte årsakene til språkendringane i dei tre store endringsperiodane i norsk språkhistorie, nemleg 5-600-talet, seinmellomalderen og tida vi lever i no. I alle tre tilfella meiner vi det er samfunnsendringar som ligg bak. Dei to fyrste periodane meiner vi er parallelle, fordi begge kjem umiddelbart etter befolkningssamanbrot. Samfunnssituasjonen i dag er motsett, men likevel meiner vi det er dei same prosessane som verkar. Det er vanleg å forklare talemålsendringane i vår tid med at samfunnsendringar har ført til nettverksendringar og større rom for barn og unges normer. Vi meiner befolkningssamanbrota på 500-talet og 1300-talet førde til liknande prosessar. I tillegg til data om sjølve språket no og i gammal tid, bygger vi på data om korleis språk blir vidareført, på individnivå, i moderne, vestelege samfunn og i førmoderne samfunn kjende frå etnografiske studiar. Det eg seier inneber at vi bør skilja ut ein ny periode i norsk språkhistorie, nemleg tida vi lever i no, kanskje rekna frå 1970. Eg drøftar òg Helge Sandøy sin argumentasjon for at norsk talemål likevel ikkje endrar seg så mykje i dag.

Eldar Heide er fyrsteamanuensis i norsk på Høgskulen på Vestlandet. 

 

Alle interesserte er hjerteleg velkomne!