Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi

Forskingsplanar

FiM sine forskingsplanar blir oppdaterte i tråd med forskingsinteressene blant medlemmene. Den nyaste planen, utarbeidd i 2022, fokuserer på mellomalderens handskriftskultur, eit felt som er ein fellesnemnar for dei fleste av medlemmene i gruppa og knyter saman fagfelta latin og norrøn filologi.

Hovedinnhold

Då forskargruppa i mellomalderfilologi vart oppretta i 2012, bygde leiinga opp forskingsplanen "Lærdom og tekstkultur" som blei publisert i 2013. Denne planen rissa opp fire hovudfelt: (1) Teksttradisjon og tekstkritikk, (2) Lærdomslitteratur, (3) Norsk rett i mellomalderen, (4) Transformasjonar av det heroiske. 

I 2019 fekk forskargruppa ved dåverande leiar Aidan Conti tilslag i forskingssatsinga til HF-fakultetet, med ein plan for det faglege arbeidet 2019-2021. I denne perioden retta arbeidet seg inn mot følgande tre hovudområde: (1) Skriftkultur (leia av Åslaug Ommundsen), (2) Den digitale mellomalderen (Leia av Odd Einar Haugen), (3) Teoretiske og tverrfaglege tilnærmingar (leia av Aidan Conti). 

I den siste planen har gruppa eit breidt fokus på mellomalderens bok- og skriftkultur. Med publisering, annan formidling og aktiv deltaking i lokale og internasjonale samanhengar ynskjer gruppa å oppnå fire overordna målsetjingar: (1) få forsking ut i samfunnet gjennom nye former for lokalt samarbeid, (2) å styrke internasjonale forskingssamarbeid og faglege nettverk, (2) å vere i front med omsyn til utviklinga innanfor materielle og digitale aspekt ved mellomalderens handskriftskultur, (4) auke ekstern finansiering gjennom gode prosjektsøknadar.     

Oversynet over ressursar, publikasjonar og aktivitetar på denne nettsida viser at forskargruppa også dekkjer mange andre emne. Vi legg vekt på at gruppa skal vere open også for andre forskingsinteresser, og at det framtidige arbeidet i gruppa skal bli utforma av medlemmene.