Hjem
Studieavdelingen

Reielegheit og fusk

Akademisk reielegheit er ei overordna norm som styrer kva som er forventa av mellom andre UiB sine studentar. Vi forventar at studentane stolar på eigne ferdigheiter, gjer sjølvstendige vurderingar og tar standpunkt. Samarbeid er sentralt på universitetet, men arbeida som skal leverast skal som regel vere sjølvstendige.

Bildet viser mange studenter sittende i en forelesningssal.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Det finst faglege og pedagogiske grunnar bak kravet om at ein (sjølv) må skrive som student. Skrivinga er ikkje berre ein måte å vise kva ein har lært, det er også ein måte å lære akademiske ferdigheiter. Studenten kan gjennom språket betre ta stilling til om eigen argumentasjon og eigne standpunkt held faglege mål.

Samstundes vil store delar av desse arbeida bygge på andre personar sitt arbeid – vurderingar, premiss, faktagrunnlag, konklusjonar, mv. Når du bygger på andre personar sitt arbeid må du vise kor det er henta frå. Det beste rådet er å ha eit bevisst forhold til bruk av arbeid du ikkje sjølv har produsert, og å referere på ein måte som er godkjent i fagmiljøet.

Særskilt om fusk

Du fuskar dersom du oppnår ein urettmessig fordel i undervisinga eller på eksamen. Du kan bli tatt i fusk sjølv om du ikkje meinte å fuske – kravet til aktsemd (bokmål: aktsomhet) er høgt.

Fusk er eit mangearta omgrep og som regel vil fusketilfella falle under ein av tre kategoriar: Brot på akademiske standardar knytt til sitering (plagiat), ulovleg samarbeid om til dømes ei innlevering, og brot på reglar eller retningslinjer. Det vi i daglegtalen gjerne omtalar som «juks» - jukselappar eller bruk av ulovlege hjelparar eller hjelpemiddel – fell altså innanfor fuskeomgrepet.

Kva som er lovleg hjelpemiddel på ein eksamen kan dels gå fram i eksamensreglementet på fakultetet, og dels i emneskildringa. Kva som i enkelttilfellet skal reknast som fusk derfor til ei viss grad variere mellom forskjellige fakultet, fagfelt, emne, undervisings- og eksamensform, mv.

Stundom er det ukomplisert å slå fast når reglane om samarbeid eller hjelpemiddel er brotne. Samstundes har digitale verktøy som ChatGPT gjort dette noko meir komplisert. Sjå eigen del om generative språkmodellar (i daglegtalen ofte omtala som kunstig intelligens) og liknande digitale verktøy.

Gjenbruk av eigne arbeid (av og til omtala som «sjølvplagiat») er ei særskilt problemstilling. Slik gjenbruk kan vere uproblematisk, den kan verke inn negativt på karakterfastsetjinga (sensuren), og den kan – unntaksvis – vere fusk. Som hovudregel vil gjenbruk av eigen tekst som studenten ikkje allereie har fått utteljing for, gjenbruk av ei innleiing og av mindre sentrale delar av ein tekst, ikkje bli rekna som fusk ved UiB. I alle tilfelle skal vurderinga av at eit forhold ikkje kan handterast i sensuren, men skal førast som fuskesak, forankrast i det aktuelle fagmiljøet. Vi oppmodar derfor studentar som er usikre på grensa om å diskutere spørsmålet med undervisar eller annan fagperson.

Du kan fuske dersom du:

  • Ikkje viser til kjelder 

  • Viser til fiktive kjelder 

  • Ikkje markerer direkte sitat med sitatteikn 

  • Hentar tekst frå internett, verktøy for kunstig intelligens eller andre stader, og gir inntrykk av at den er eigen. 

  • Bruker eit svar som tidlegare er levert – også når det er eige arbeid. 

  • Bryt reglane om samarbeid 

  • Bruker hjelpemiddel som ikkje er tillatne (til dømes lappar og ark med fagleg innhald, mobiltelefonar, smartklokker) 

  • Legg ikkje tillate fagstoff i godkjente hjelpemiddel 

  • Har tilgang til ulovlege hjelpemiddel – også om dei ikkje er brukt. 

  • På andre punkt bryt eksamensreglementet til fakultetet 

Sitering og siteringsteknikk

Eit karakteristisk trekk ved mange av dei skriftlege arbeida ein leverer gjennom studietida, er at dei i stor grad tar utgangspunkt i og bygger på tekstar og anna som andre personar har produsert og har opphavsretten til. Slike tekstar blir kalla for kjelder og dei kan vere av ulik art, til dømes  

  • lærebøker 

  • artiklar i tidsskrift og anna

  • monografiar, referat i ulike publikasjonar  

  • tekst på internett  

  • førelesingar og foredrag

  • bilder, film og lydopptak

  • samtalar og diskusjonar med lærarar og studentar

  • digital verktøy, inkludert verktøy basert på kunstig intelligens (som chatGPT)

Uansett er grunnregelen den same: Når du hentar fakta, tankar, idéar, synspunkt og korte eller lange sitat frå ei kjelde og nyttar desse i ditt eige arbeid, så skal det gå klart fram kva for kjelder du har brukt. Du skal med andre ord ikkje gi inntrykk av at andre sine tankar, idéar, synspunkt og resultat er dine eigne. Derfor må du henvise, referere, og sitere på ein klar og redeleg måte kvar gong du bruker ei kjelde.

Det er ikkje berre greitt å bruke kjelder, svært ofte er det heile naudsynt. Det er to formelle sett av reglar som sikrar rettane til den som står bak kjelda (opphavsmannen). Det eine er åndsverklova, som mellom anna seier at det er lov å sitere frå åndsverk så lenge det skjer «i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger» (§ 22). Det andre setter er etablerte akademiske normer for kjeldebruk og kjeldehenvisingar. Åndsverklova og dei akademiske normene overlappar og fyller kvarandre ut, og det er ikkje alltid enkelt å seie kvar grensa mellom dei går. Begge regelsetta er viktige, og i ein akademisk kontekst er det ikkje tilstrekkeleg å la vere å gjere noko ulovleg, for ein må også følge akademisk god skikk.

I ytste konsekvens kan mangelfull sitering bli rekna som fusk.

Sjå korleis du skal refere i Søk og Skriv

Særskilt om kunstig intelligens

Generative språkmodellar som ChatGPT og andre generative verktøy (for til dømes bilete) reiser spørsmål knytt til både kjeldebruk og krav om sjølvstende.  

Universitetet i Bergen opnar for at forskjellige fagmiljø vurderer bruken av slike verktøy forskjellig. Som regel er det eit krav om at svaret på eksamen er ein sjølvstendig produsert tekst. Dette gjer at å levere ein tekst som heilt eller delvis er generert vil reknast som fusk, med mindre det er sitert på redeleg måte. 

Ei ytterlegare utfordring med bruk av desse verktøya er at teksten som blir produsert ikkje er til å lite på. 

Måten verktøya er designa på gjer at teksten som blir generert er statistisk sannsynleg – og det er noko markert anna enn faktabasert, som er eit krav i akademiske tekstar. Dette gjer at den genererte teksten kan få innslag av dikting frå verktøy som ChatGPT (ofte omtala som «hallusinering»). 

Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur ved UiB forklarer at hallusinering ligg i kjernen av korleis verktøya er designa her: Lystløgneren ChatGPT  – Ytring (nrk.no). Dette aspektet ved generative språkmodellar aktualiserer fleire element ved kjeldekritikk, nemleg kor truverdig kjelda er, om kjelda er objektiv, og kor nøyaktig ho er. Dette gjer at ein må vere svært varsam med å bruke verktøya som kjelde.

Generelt skal det refererast til all programvare som blir brukt i akademisk arbeid når programvaren verkar inn på resultat, analyser eller funn som blir presenterte. Digitale verktøy skil seg ikkje frå dette. Slike verktøy kan ikkje vere medforfattar fordi forfattarskap inneber eit ansvar for arbeidet som verktøya ikkje kan take på seg.

Ein tekst generert av slike digitale verktøy er ikkje mogleg for andre å skape att. I akademiske arbeid bør ein derfor skildre korleis generatoren er brukt. Det kan vere tidspunkt, omfang, korleis resultatet blei inkludert i teksten, mv. Ofte er det aktuelt å skildre kva som er skrive inn i chatten (el.) Ver merksam på at det kan vere fagspesifikke føringar for korleis bruken skal dokumenterast.

Dømet under viser korleis ein refererer til tekst generert av digitale verktøy i APA7:

I teksten: tekst (OpenAI, 2023)
I referanselista: OpenAI. (2023). ChatGPT (20. april-versjon) [Stor språkmodell].
https://chat.openai.com. 

Avdekking, konsekvensar og rettar i fuskesaker

Fusk og forsøk på fusk kan avdekkast på fleire måtar. På saleksamen og liknande vil eksamensvaktane sørge for at reglane om hjelpemiddel og anna blir følgde. Sensor vil kjenne til fagfeltet og pensum i emnet, og kan oppdage plagiat og anna. Det kan også vere eigenskapar ved den leverte teksten som vekker mistanke (stilbrot, sterkt varierande fagleg kvalitet, manglar i bibliografien, mv.).  Stundom kan studentar melde frå om at nokon har fuska.

UiB bruker også tekstgjenkjenningsprogramvare. Der blir svar på eksamen og andre innleveringar vurderte opp mot andre studentar sine arbeid, mot innhald på internett, og mot faglitteratur.

Fusk og forsøk på fusk har alvorlege konsekvensar. Det fører som regel til annullering av eksamenen, og kan innebere utestenging frå UiB og eksamensnekt ved alle universitet og høgskular i opp til eitt år.

Høvet til å annullere ein eksamen blir ikkje forelda. Det vil seie at universitetet kan ta opp ei sak om fusk, sjølv om fuskinga skjedde langt tilbake i tid og du ikkje lenger er student. Dersom emnet inngår i grunnlag for grad, vil graden ikkje lenger vere gyldig, og du må levere tilbake vitnemålet.

Når ein mistanke om fusk oppstår vil instituttet eller fakultetet gjere undersøkingar, og så vurdere om saka skal sendast til UiBs sentrale klagenemnd for vedtak i første instans.

Du har rett til å sjå saksdokumenta på alle stadium, og rett (men ikkje plikt) til å forklare seg for universitetet skriftleg og munnleg. Du kan under heile prosessen vere representert ved advokat eller annan talsperson. UiB har også eit studentombod som kan rettleie om rettar og plikter.

Dersom instituttet eller fakultetet vel å sende saka til den sentrale klagenemnda for vedtak, dekker UiB studentens utgifter til advokat eller medhjelpar frå dette tidspunktet.

Du har også rett til å klage på nemnda sitt vedtak, og klageinstansen er Felles klagenemnd. Klagefristen er tre veker frå du har blitt orientert om vedtaket i første instans. Merk at universitetet i desse tilfella ikkje dekker advokatutgifter dersom vedtaket i førsteinstansen ikkje er utestenging. 

Saksgang for fuskesaker

Saleksamen
Når ein eksamensvakt får mistanke om fusk blir hovudvakta tilkalla, og vedkomande skal registrere hendingsforløpet, ta vare på eventuell dokumentasjon, og informere Studieavdelinga (SA) og skrive rapport om hendinga. SA oversender rapporten til det aktuelle fakultetet, og det er fakultetet som har ansvar for utgreiing og eventuell oversending til den sentrale klagenemnda. 

Studenten får fullføre eksamen og skal informerast om at saka blir sendt til fakultetet.

Eksamenssvar og plagiatkontroll
UiB bruker plagiatkontrollprogram som les gjennom eksamenssvara (mv.) og samanliknar dei med tekst som er tilgjengeleg for elektroniske søk på nett og i oppgåvebasen til UiB.

Programmet genererer likheitsrapportar som må vurderast manuelt. Det er ved den manuelle kontrollen det kan oppstå mistanke om fusk. Rapportar og treffprosent åleine utløyser aldri mistanke, berre merksemda til kontrolløren.

Svaret som krev merksemd blir sendt til institutt/fakultet, eller til ein fuskekomité dersom det finst, og det er der saka blir utgreidd og eventuelt oversendt den sentrale klagenemnda.

Skriftlege arbeid – undervisarar og sensorar
Det er mogleg å fuske i alle skriftlege arbeid. Når sensor eller undervisar får mistanke om fusk/plagiat, er det viktig å med ein gong ta vare på grunnlaget for mistanken, som dokumentasjon for den vidare rapporteringa og sakshandsaminga. Dokumentasjonen blir lagt fram for fagleg ansvarleg og administrativ leiar som syt før utgreiing. Vurderingsprosessen skal samstundes gå som normalt for alle studentane. Ved plagiat er det særleg viktig at UiB si vurdering er forankra i fagmiljøet.

Oversending til den sentrale klagenemnda
Før oversendinga må instituttet og fakultetet ta stilling til om det er grunnlag for fuskesak. I tvilstilfella vil dette vere ei heilskapleg vurdering av eksamenssvaret vurdert mot faglege standardar. Den som tek avgjersla bør ta stilling til desse elementa, der dei er relevante: 

  • Omfanget av tekstsamanfall 

  • Mangel på henvisingar 

  • Mangel på referanseliste 

  • Kor tett opp til kjelda den skrivne teksten er 

  • Om studenten har forsøkt å skjule det moglege fusket 

  • Kor i studieløpet studenten er 

  • Om det finst fuskehistorikk. Fleire tidlegare tilfelle tel negativt

Innhaldet i oversendinga til klagenemnda 

Klagenemnda går normalt inn på disse fem elementa, som derfor kan vere ei rettesnor for innhaldet i oversendinga.

Bevis

  • Kva viser dokumentasjonen?
  • Kva seier studenten?
  • Kva er elles kjent om dei faktiske omstenda? 

Objektiv vurdering 

  • Fell det studenten har gjort innanfor fuskeomgrepet? 
  • Subjektiv skuld 
  • Har studenten handla grovt aktlaust (bokm.: uaktsomt) eller forsettleg?
  • Mistyding om reglane
  • Kjenner studenten til reglane om fusk?
  • Kva tenkte hen om hendingane som førte til mistanken?
  • Har universitetet kommunisert klart om akademiske standardar? 

Reaksjonsvalg 

  • Kva for forhold talar for ein streng eller mild reaksjon? 

Bevis
Ofte er det høvesvis enkelt å slå fast kva som har skjedd, fordi teksten som er levert gir eit godt bilete av kva som har skjedd, og det er sjeldan tvil om at det er den aktuelle studenten sjølv som har laga (eller levert) den. Studenten bør likevel bli spurt om korleis hen arbeidde med teksten, og korleis hen stiller seg til grunnlaget for mistanken om fusk.

Dersom to eller fleire studentar har samarbeidd om tekstar som skal vere individuelle, må ein vurdere korleis samarbeidet har vore. Har dei arbeidd med kvar sine delar, har dei vore saman om alt, eller har dei arbeidd på andre måtar?

Objektiv vurdering
Grensetilfella for den objektive vurderinga av om noko er fusk kan vere at studenten har levert tekst som vedkomande har levert tidlegare, eller når det er sitert ufullstendig. Det kan også vere tekstlikheit i eit mindre omfang.

Subjektiv skuld
Lova set krav om at fusket må ha vore anten forsettleg eller grovt aktlaust (bokm.: uaktsomt). Stortingskomiteen har uttalt seg om kva dette inneber i Innst. 221 L (2013–2014) side 3, der «Komiteen understreker at det ligger en streng aktsomhetsplikt for studentene ved eksamen.» Høgsterett har uttalte i sin dom HR-2015-1875-A at sitatet er dekkande for aktsemdskravet i fuskeføresegna (avsnitt 54).

Relevante element å vurdere på dette punktet er om tekstsamanfall skuldast tankelausheit, om studenten har arbeidd på ein måte med stor risiko for tekstsamanfall (eller anna) og tatt ein sjanse, har studenten kopiert bevisst. På grunn av det høge aktsemdskravet vil mistydingar sjeldan tale for mot fusk – men dette vil variere frå sak til sak og er noko sakshandsamar må ta stilling til. Det kan også ha tyding for reaksjonsfastsetjinga.

Reaksjonsfastsetjinga
Det er ei rekke moment som kan vere relevante for reaksjonfastsetjinga, inkludert 

  • Er studenten fersk på studiet eller vidarekomen? 

  • Er det kopiert lange tekstparti eller kortare delar saman med eige sjølvstendig arbeid? 

  • Har studenten misbrukt tillit frå andre studentar eller tilsette?

  • Grad av skuld 

Fakultetet/instituttet skal gjere ei vurdering av alvorsgrad sjølv om det ikkje må innstille på ein bestemt reaksjon.

Oversendinga til den sentrale klagenemnda 

Dersom instituttet har konkludert med at saka bør oversendast den sentrale klagenemnda, skal den først til fakultetet. Fakultetet skal kvalitetssjekke oversendinga og vurdere om det er grunnlag for fuskesak. Dette må handterast innan kort tid. 

Når saka er sendt til den sentrale klagenemnda vil sekretariatet sjå over at saka er komplett. Sekretariatet melder frå til studenten om at saka er motteken, inkludert om moglegheita for å gjere sitt syn klart for nemnda. Sekretariatet skriv saksnotat som nemnda skal ta stilling til, saman med alle andre dokument i saka. Nemnda treff vedtak i eige møte. Studenten blir orientert om vedtaket frå sekretariatet.

På kvart av desse stadia kan instituttet eller fakultetet bli bedne om utfyllande dokumentasjon eller vurderingar.

Saksflyt

Illustrasjon med saksflyt i saker om plagiat.
Foto/ill.:
UiB