Hjem
Institutt for fremmedspråk

Pliktarbeidet for stipendiatar og postdoktorar

Hovedinnhold

IF-rutine, oppdatert 24. august 2022 av Arve Kjell Uthaug

Involverte:

Seniorkonsulent for forskarutdanning (forskingskonsulenten)
Retteliar
Fagkoordinator
Administrasjonssjef

 

1. Stipendiatar 

Fireårige stipendiatstillingar ved instituttet har to hovudkomponentar, der arbeid knytt til avhandlinga utgjer 75 prosent av stillinga, anna arbeid for instituttet 25 prosent («pliktarbeidet»).

PLIKTARBEIDET: Dette utgjer 25 prosent av arbeidsmengda i ei fireårig tilsetjing (dvs. til samane eitt års arbeidsmengd). I pliktarbeidet skal stipendiatane utføra oppgåver for instituttet, først og fremst undervisningsoppgåver.

ARBEIDSPLANEN: Pliktarbeidet skal avtalast i ein skriftleg arbeidsplan heilt i starten av tilsetjingsperioden.

Arbeidsplanen skal ha med opplysningar om oppgåver, tidsbruk og kva for semester dei ulike oppgåvene er lagt til. Slik skal planlegginga av tilsetjingsperioden bli enklare og meir oversiktleg for både stipendiat, fag og institutt. Planen blir lagt inn i eit eige skjema (sjå nedst på sida), tek utgangspunkt i retningslinene frå fakultetet og følgjer desse. Instituttet har dessutan laga utfyllande retningsliner på nokre punkt, og desse ligg under omtalen av oppgåvene i pliktarbeidet nedanfor.

Forskingskonsulent Marit Skaatan 1) sender ut retningslinene for pliktarbeidet når ein stipendiat eller postdoktor har takka ja til stilling ved instituttet. 2) Når ho eller han er på plass ved instituttet, kontaktar forskingskonsulenten stipendiat, rettleiar, fagkoordinator og forskingskoordinator og hjelper dei med å setja opp eit utkast til arbeidsplan. 3) Deretter, og før det er gått tre månader av tilsetjingsperioden, kallar forskingskonsulenten inn til eit møte. På møtet går rettleiar, stipendiat, fagkoordinator, forskingskonsulent og administrasjonssjef gjennom planen og ferdigstiller han. Forskingskoordinator kan, om ønskjeleg, vera med på dette møtet. 4) Arbeidsplanen skal deretter signerast av stipendiaten og administrasjonssjefen. 

Dersom det blir gjort vesentlege endringar i arbeidsplanen seinare i stipendiatperioden, må både institutt og stipendiat vera samde om desse endringane. I så fall skal det lagast ein revidert versjon av planen, som blir signert av stipendiat og administrasjonssjef.

Instituttet ønskjer å skjerma det siste semesteret av tilsetjingsperioden, slik at stipendiaten ikkje får undervisningsoppgåver i dette semesteret. Det same gjeld for semester med langvarige forskingsopphald i utlandet.

Er det usemje om pliktarbeidet eller arbeidsplanen, kan dette takast opp med administrasjonssjefen eller med forskingskoordinatoren ved instituttet.

UNDERVISNINGSDELEN AV PLIKTARBEIDET: Instituttet vil normalt bruka 60 prosent av pliktarbeidet til undervisning og undervisningsrelaterte oppgåver.

Inntil 60 prosent (1017 arbeidstimar) av pliktarbeidet kan disponerast til undervisningsføremål. Dette kan femna om ulike typar undervisningsrelaterte oppgåver, som forelesingar, gruppearbeid, rettleiing, eksamen, emneansvar, treffetid for studentar, mm. Stipendiatane får same timeutteljing for oppgåvene som fast tilsette, bortsett frå to unntak, der stipendiatane får høgare utteljing: a) forelesingstimar har faktor 6 (ordinært 4) og b) rettleiing med semesteroppgåver, mappeoppgåver og masteroppgåver har faktor 3.5 (ordinært 2). Retting og tilbakemelding på andre, mindre oppgåver gjev same timeutteljing som for andre vitskapleg tilsette. All eksamenssensur, inkludert vurderinga av semester- og mappeoppgåver, gjev òg same timeutteljing som for andre vitskapleg tilsette.

Stipendiatar som ønskjer oppfølging av eiga undervisning, kan få fagleg oppfølging av ein fast vitskapleg tilsett (mentor) i første semesteret med undervisning. Den fast tilsette får ti timar i arbeidstidsrekneskapen for slik oppfølging. Stipendiatar som ønskjer slik oppfølging, må ta kontakt med forskingskonsulenten.

ANDRE OPPGÅVER I PLIKTARBEIDET: Den delen av pliktarbeidet som ikkje blir brukt til undervisning, skal brukast til andre oppgåver for instituttet.

Denne delen utgjer normalt 40 prosent (678 timar) og blir brukt til administrasjon o.a. oppgåver ved instituttet.

Hovuddelen av desse timane skal nedfellast i arbeidsplanen i form av konkrete oppgåver med konkrete timetal. Timetala blir sett ut frå ei skjønsvurdering av kor mykje tid som vil gå med til dei ulike oppgåvene.

Om lag 200 arbeidstimar blir likevel ført som ein ikkje-spesifisert buffer. Her går ulike mindre oppgåver inn, slikt som deltaking i instituttorgan og komitear, enkeltmøte og andre mindre oppgåver som måtte dukka opp. Denne bufferen gjer òg at det er rom i stillinga for å ta inn nye småoppgåver som ein ikkje tenkte på i starten av stipendperioden, utan å måtta laga ny arbeidsplan.

Dei konkretiserte administrative oppgåvene, dvs. oppgåver som ikkje fell inn i bufferen, kan t.d. vera:

- organisera konferansar
- redigera tidsskrift
- lesa korrektur på andre sine vitskaplege artiklar og bøker
- driva utviklingsarbeid (nye undervisningsopplegg o.a.)
- ta seg av administrative oppgåver for forskarskular eller forskargrupper
- skriva artiklar til heimesidene for instituttet
- omsetja nettinformasjon til engelsk

Eige vitskapleg arbeid er ikkje ein del av pliktarbeidet.

2. Postdoktorar 

Postdoktorar ved instituttet vil vanlegvis òg ha pliktarbeid i tillegg til dei tre åra som er sette av til postdoktor-prosjektet. I slike tilfelle er oppgåvene i pliktarbeidet fordelte som i ei vanleg lektorstilling: 75 prosent til undervisning og 25 prosent til administrasjon og fagleg oppdatering. Førebuingstida til dei ulike undervisningsoppgåvene blir rekna på same måten som for stipendiatane. Det blir sett opp ein arbeidsplan for pliktarbeidet i samråd med forskingskonsulent Marit Skaatan, postdoktoren og fagkoordinatoren for faget. Arbeidsplanen skal gjerast ferdig det første semesteret av tilsetjinsperioden og godkjennast og signerast av administrasjonssjefen. Ved større endringar i arbeidsoppgåvene, skal arbeidsplanen reviderast.

3. Arkiv ("pliktbanken")

Forskingskonsulenten fører oppdatert arkiv over alle gjeldande arbeidsplanar for stipendiatar og postdoktorar ved instituttet, den såkalla "pliktbanken".