Hjem
Institutt for fremmedspråk

Retningsliner for emneansvarlege ved Institutt for framandspråk

Hovedinnhold

Godkjende av Instituttrådet 16. mai 2012. Reviderte etter vedtak om retningsliner for publisering av førelesingsplan, UUI-sak 33/15. 
 

1. Vervet

Det skal normalt vera ein emneansvarleg for kvart undervisningsemne ved instituttet. Fagkoordinator peikar ut og har oversyn over kven som er emneansvarlege. Den emneansvarlege har visse koordinerande oppgåver knytt til undervisninga på det aktuelle emnet, og er underordna fagkoordinator. Det overordna ansvaret for emnetilbodet ligg hjå fagkoordinatoren, som fordeler undervisningsoppgåver mellom dei tilsette, bestemmer kva for eksterne lærarar som skal leigast inn på faget og held oversyn over det samla undervisningstilbodet på faget.
 

2. Arbeidsoppgåver

A. planleggja og følgja opp undervisninga i samarbeid med fagkoordinator og kollegaer.

B. koordinera lærekreftene dersom det er fleire som underviser på emnet, eventuelt rettleia og følgja opp mellombels tilsette på emnet.

C. Leggja opp og revidera pensum for emnet i samråd med andre faglærarar på disiplinen innan gjeldande fristar. Sjå brukarrettleing for Leganto.

D. evaluera emnet i følje plan for emneevalueringar laga av fagkoordinator.

E. dokumentera og skriva rapport i saker der det er mistanke om fusk og eventuelt vera med på møte med studenten.

F. utarbeida og publisera førelesingsplan ved semesterstart, og eventuelt oppdatera planen om det kjem endringar. 
 

3. Kompensasjon

Kompensasjon for vervet er fastsett av instituttleiar. Oppgåva som emneansvarleg gjev normalt ti timar utteljing kvart semester. Visse særleg krevjande emne kan gje høgare utteljing, inntil 25 timar i semesteret. Den høgare utteljinga vil først og fremst gjelde tverrfaglege emne.