Hjem
Institutt for fremmedspråk

Venteperiode - kvotestudentar

Hovedinnhold

I perioden mellom innlevert avhandling og disputas står doktorgradsstudentane på kvoteordninga utan finansiering, og vi kan ikkje forventa at dei har anna inntekt. Her er det viktig at det blir kortast mogleg tid frå innlevering til disputas slik at phd-kandidaten kan få avslutta studiet og reisa heim utan store økonomiske og praktiske vanskar. Instituttet ser det likevel som naudsynt å stilla ei viss støtte til rådvelde for dei som treng det, anten alternativ 1 eller alternativ 2 nedanfor:

 

1) "VENTESTIPEND": Instituttet kan gje ei månadleg støtte i denne venteperioden tilsvarande vanleg månadleg stipend frå Lånekassa (dvs 10.092 kroner pr månad i 2015). Instituttet kan gje slik støtte for maksimalt tre månader. Dersom studenten har ubrukte driftsmidlar att, går desse med til å delfinansiera støtta i venteperioden. Dersom stipendiaten har hatt inntekter utover grensa for frikort, må han eller ho skatta av ventestipendet.

2) EKSTRA REISESTØTTE: I nokre tilfelle kan det vera ei betre ordning at studenten reiser tilbake til heimlandet etter innlevert avhandling og kjem tilbake til Noreg for å disputera. I slike tilfelle kan instituttet gje støtte til ei ekstra reise (tur/retur) mellom Bergen og heimlandet. Reisa skal vera på rimelegaste måte, og dette betyr normalt at instituttet gjev støtte til flybillett, transport til og frå flyplass, eventuelt nødvendig overnatting under reisa og eventuelt kost på sjølve reisedagane. Instituttet gjev ikkje støtte til opphaldet i Bergen under disputasen, men stipendiatar som har ubrukte driftsmidlar, kan bruka av desse til opphaldet i Bergen.

Instituttet kan betala ut reiseforskot, men det må leverast inn reiserekning på vanleg måte etter reisa er gjennomført.

Kvotestudentar som vil be om ventestipend eller ekstra reisestøtte, må senda søknad til instituttet ved administrasjonskonsulent ved instituttet.