Hjem
Forskerskolen i samfunnsmedisinske fag

Grunnlagsproblem i samfunnsmedisin og helsefag

Dette er ein unik emneserie om vitskapsteoretiske og vitskapshistoriske tema, som gjev innsikt og skapar forståing for faga sine særpreg og kultur.

Hovedinnhold

Gjennom kritisk lesing av tekster, førelesingar og dialog mellom studentar og lærarar, tek vi opp aktuelle spørsmål for så vel samfunnsmedisinsk som helsefagleg forsking. Emneserien går over to år, med eit to-dagars seminar kvart semester. Seminara bygger ikkje på kvarandre, så du kan «hoppe på» kva seminar du vil, utan å ha vore med på dei som har gått føre. Kvart emne (to dagar) gjev 2 studiepoeng.

 

Følgjande emne går inn i serien

[MEDGRSAM1] HAUST

Dette kurset settes også opp i januar 2016.

Dag 1. Kva er samfunnsmedisin og helsefag? Her set vi søkjelyset på den historiske bakgrunnen til samfunnsmedisinen og helsefaga, deira teoretiske og metodiske særpreg, og utfordringar i vår eiga tid. Ansvarleg: Aina Schiøtz, professor i medisinsk historie.

Dag 2. Dilemma i førebyggjande helsearbeid.Her rettar vi eit kritisk blikk på teoriar, strategiar og roller i det førebyggande og helsefremmande arbeidet. Makt er eit sentralt tema, men òg etikk, prioriteringar og val vert diskutert. Ansvarleg: John Gunnar Mæland, professor emeritus i sosialmedisin. 

[MEDGRSAM2] VÅR

Dag 1. Helse, funksjon og livskvalitet. Her set vi søkjelyset på helse, funksjon og livskvalitet – dei historiske røtene til omgrepa, korleis dei vert nytta i praksis og vitskapelege definisjonar – med stort rom for diskusjon, gruppearbeid og samtalar. Ansvarleg: John Gunnar Mæland, professor emeritus i sosialmedisin

Dag 2. Sjukdom, liding og normalitet. Spørsmål vi stiller er: Kva er sjukdom, liding og normalitet? Dersom sjukdom vert konstruert i sosiale og språklige fellesskap, kvar for følgjer får det for forsking på sjukdom? Kva tyder lidingsaspektet ved sjukdom, og kva slags plass bør det ha i samfunnsmedisinsk forsking? Korleis skal vi forstå normalitet? Ansvarleg: Eivind Meland, professor i allmennmedisin.

[MEDGRSAM3] HAUST

Dag 1. Risiko, sannsyn og kausalitet. Her presenterer og diskuterer vi nyare kausalitetsrørsler innanfor statistikken, kvantespranget frå epidemiologi til individuell risiko, og det usikre. Ansvarleg: Anne Kjersti Daltveit, professor i epidemiologi.

Dag 2. Kunnskap og kunnskapsteori. Her diskuterer vi ulike forståingsformer og tenkjemåtar innanfor den biomedisinske og naturvitskapeleg orienterte medisinen og helseforskinga versus den humanistiske og samfunnsorienterte medisinen og helseforskinga. Med utgangspunkt i døme frå forskingslitteraturen, set vi iscene møte mellom dei to kulturane. Ansvarleg: Åshild Lunde, førstamanuensis i medisinsk genetikk.

[MEDGRSAM4] VÅR

Dag 1. Omsorg, behandling og ulikskap. Her diskuterer vi korleis sosial og kulturell ulikskap verkar inn på omsorgs- og behandlingstilboda. Sosial ulikskap i helse, nasjonalt og globalt, og helseøkonomiske prinsipp, vert òg handsama. Ansvarleg: professor Guri Rørtveit, professor i allmennmedisin.

Dag 2. Kjønn i medisinsk forsking og praksis. Sentrale kjønnsteoriar i humaniora og samfunnsvitskap, og korleis kjønn vert handsama i medisinsk forsking og praksis, er tema denne dagen. Ansvarlege: Ellen Mortensen, professor, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, og Aina Schiøtz, professor i medisinsk historie. 

[MEDGRSAMESSA]

Studentseminar.
Deltakarane på emneserien vert oppmoda til å skrive eit essay (ca. 15 sider), der dei kritisk vurderer ph.d.-avhandlinga si i lys av eitt eller fleire av emna i serien. Essayet kan til dømes vere ein del av kappa eller utkast til eit teorikapittel. Deltakarane får i oppdrag å vere opponentar. Deltaking med innsendt essay gjev 1 studiepoeng. Studentseminar vert arrangert i slutten av kvart semester.