Hjem
Geofysisk institutt

Medaljer og utmerkelser fra tre generasjoner Bjerknes

Medaljesamlinga som har fått plass i Bjerknessenteret sine lokale på Geofysisk institutt, syner fram ei av dei mest spennande historiane i norsk og internasjonal vitskapshistorie. Her har me tre generasjonar med forskarar, Carl Anton, Vilhelm og Jakob Bjerknes, som alle har bidratt sterkt til å gjere meteorologi og klima til vitskapelege felt.

Hovedinnhold

På vegne av Universitetet i Bergen og Universitetsmuséet vil Geofysisk og Bjerknessenteret vere vertskap for medaljene som heile tre generasjonar Bjerknes fekk for arbeidet sitt.

På same viset som at Vilhelm Bjerknes starta sin karriere som assistent for faren i ungdomsåra på 1870 talet, starta sonen Jacob Bjerknes med å vera assistenten til sin far. Mens Vilhelm Bjerknes utvikla grunnleggande teori for sirkulasjonen i atmosfæren, og er kalla far til moderne værvarsling, er på mange vis Jakob Bjerknes far til moderne klimaforsking. Han starta ut som meteorolog i Bergen, men blei på sine eldre dagar stadig meir interessert i korleis atmosfæren og havet arbeidde saman og skapte naturlege svingningar i klimasystemet. 

Bjerknessenteret er kalla opp etter far og sønn Vilhelm og Jakob Bjerknes. Me har mykje å leve opp til, og kanskje kan ein kikk på den flotte medaljesamlinga gi ekstra inspirasjon til arbeidet vårt. Det som er heilt sikkert, er at dette kjem til å bli ein flott attraksjon for alle som kjem på besøk til oss, og som kjenner historia til Bjerknes-forskarane og kva dei har betydd for utviklinga av fagfelta meteorologi og klima.