Hjem
Geofysisk institutt

Instrument ved strålingsobservatoriet

Her finn du informasjon om dei ulike strålingsinstrumenta til måling av kortbølga solstråling og langbøga terrestrisk stråling som vi har ved Strålingsobservatoriet.

Hovedinnhold

 

  • GLOBALSTRÅLING, som er total kortbølga stråling frå sola (direkte stråling + diffuse stråling spreidd frå himmelen) på ei horisontalflate, er målt med eit Kipp & Zonen CM11 pyranometer.
  • DIFFUS (HIMMEL) STRÅLING, som er total kortbølga diffus stråling frå sola (spreidd frå himmelen) på ei horisontalflate, er også målt med eit Kipp & Zonen CM11 pyranometer. Ved måling av diffus stråling blir den direkte solstrålinga skygga for, ved hjelp av ei sirkulær skive med 6 cm diameter montert på ein 30 cm lang roterande arm.
  • DIREKTE NORMALT INNFALLANDE STRÅLING, som er den direkte solstrålinga på ei flate som står vinkelrett på strålane, er målt med eit Eppley Normal Incidence Pyrheliometer, Model NIP. Instrumentet er montert på ein Eppley Automatic Solar Tracker Model SMT-3 som heile tida føl sola.
  • ULTRAFIOLETT STRÅLING på ei horisontal flate er målt med eit Eppley Total Ultra Violet Radiometer TUVR med respons i bølgelengdeområdet 290 - 385 nm.
  • (Erythemal) UV-B STRÅLING, som er UV-stråling i UV-B området (280 - 320 nm), vekta med huda sin responsfunksjon, er målt i MED ( Minimum Erythemal Dose) av eit Solar Light UV Biometer 501A.
  • NEDOVERRETTA LANGBØLGA ATMOSFÆRISK STRÅLING er estimert frå langbølga stråling målt med eit Eppley pyrgeometer.
  • EFFEKTIVE UTGÅANDE LANGBØLGA STRÅLING frå ei svart flate ved luft temperaturen er også estimert frå langbølga stråling målt med Eppley pyrgeometeret.
  • SOLSKINSTID er målt med ein Campbell-Stoke sunshine recorder med blå registreringspapir som er avlest i tråd med WMO sine reglar.
  • SOLSKINSTID er også gitt som det antalet minutt som Eppley Normal Incidence Pyrheliometer (NIP) måler irradians over 120 Wm-2 (målingar kvart 20. sekund). (Manglande Campbell-Stoke er, i få angitte tilfelle, erstatta med NIP-varigheter over 200 Wm-2)

 

  • Dataloggar systemet består av ein Fluke Helios I Computer Front End (CFE), ein PC og ein linjeprinter.