Hjem
Institutt for politikk og forvaltning

Kjetil-André Kvalsvik

Kjetil-André Kvalsvik er førsteårs bachelorstudent og mener at om du er interessert i politisk og hvordan Norge styres, er dette den rette bacheloren å ta.

Hovedinnhold

Kvifor valde du ein bachelorgrad i administrasjon- og organisasjonsvitenskap?

Eg har allereie studert tre år på Norges Handelshøgskule. På bacheloren på NHH falt eg verkeleg for strategi- og leiingsfag. Å dykke djupare i administrasjons- og organisasjonsvitskap samt å lære om politikk og alt som høyrer forvaltninga til, var særs interessant for meg. Eg ynskjer å jobbe med kommunikasjon anten nasjonalt eller internasjonalt, og tenkte at ein kombinasjon mellom desse to bachelorgradene ville hjelpe meg på vegen dit.

Korleis har overgangen frå elev til student vore?

Eg har vore heldig som fekk være førsteårsstudent utan ein pandemi, men det er klart at det er eit stort skilje mellom å vere elev og student uansett. Som student må ein vere meir sjølvstendig og man får eit mykje større spelerom for å sjølv legge opp studiekvardagen. Det betyr at ein kan styre kvardagen som ein vil, som er veldig fint, men det legg også press på ein for å få gjennomført alt ein skal utan at nokon passar på. Det eg likar best med å vere student kontra elev er alle dei nye menneska eg stadig treff på, som gjerne har ein heilt annan bakgrunn enn meg. Det fører ofte til gode og lærerike diskusjonar som er på eit anna nivå enn då eg var elev.

Korleis har di faglige vekst vore? ( Kva har du lært på adm.org sålangt?)
Den personlege veksten har kanskje vore størst, men eg vil seie at eg har lært mykje allereie på admorg. Eg er berre inne i mitt andre semester på studiet, men eg føler likevel at eg har lært mykje nytt på den korte tida. Det er alt frå organisasjonsteoriar til regulering på detaljnivå, til større fokus som EU og EØS og reformer. Det eg har lært mykje av er at vi har knytt pensum til reelle caser, som har gjort teorien forståeleg i praksis.

Kva er ditt beste minne frå studietida på bachelor så langt?

Studietida så langt har dessverre vore prega av ein viss pandemi, så eg må seie at dei gongane vi faktisk fekk møte kvarandre, sjølv om vi var berre 10, i seminargruppe er hovudpunktet. Å sitje saman med ei gruppe med relativt ukjente folk og ein god seminarleiar der vi diskuterte mykje interessant gjorde vekene med strenge tiltak mykje lettare. Vi vart til slutt ein nokså samansveisa gjeng som førte til at diskusjonane var frie og interessante. Det var veldig kjekt! Å få diskutere pensum og det vi gjekk gjennom i forelesning med ei gruppe gjorde at eg klarte å sjå samanhengane betre og pensum satt til slutt ganske godt i hovudet.

Kvifor bør nye søkarar velje bachelor i administrasjon- og organisasjonsvitenskap?
Om ein har interesse for politikk og korleis landet vårt blir styrt, er dette den rette bacheloren å ta. Krysningspunktet mellom administrasjon, organisasjon, politikk og forvaltning er svært spanande. Ein lærer om mekanismar som påverkar oss alle i kvardagen, og ein får ein forståelse som få andre sit på. Denne bacheloren er svært open, i den form av at ein har mange ulike fag som set fokus på ulike tema. Samtidig har ein moglegheit til å ta frie studiepoeng og lære noko heilt anna, eller dykke djupare inn i dei fagområda ein liker særs godt frå administrasjons- og organisasjonsvitskap.

Har du tips til ferske bachelorstudentar?
Engasjer deg! Det kjekkaste eg har gjort i løpet av mine studieår har vore å vere engasjert i noko. Det har vore alt frå å vere nattevakt i eit telt etter MØ-konsert, via å sitje i eit møte aleine med tidlegare Statoil-sjef Helge Lund, til å vere materialforvaltar for eit studentfotballag. Som student er ein fri og kan gjere om lag kva som helst. Den moglegheita får ein kanskje ikkje att seinare i livet, og ein burde absolutt utnytte den! Hald deg engasjert fagleg, møt opp i forelesning, møt i seminargrupper, les den ekstra artikkelen sjølv om den kanskje ikkje vert relevant for eksamen. Klarer du å halde følge med det faglege, smaker den duggfriske øla eller brusen med den nye studentvennegjengen din ekstra godt.

Kva tenkjer du å gjere etter bachelorgraden din?

Etter bacheloren, har eg eit ynskje om å søke praktikantstilling i Brussel. Eg har lyst å lære meir om EU og EØS-avtalen gjennom ei slik praktikantstilling, før eg tar master. Mastergraden tar eg gjerne på UiB i administrasjons-og organisasjonsvitskap, men det har eg ikkje heilt bestemt meg for enno. Forhåpentlegvis fører dei nemnte studia til ein spanande og utfordrande jobb innafor kommunikasjon og/eller internasjonale relasjonar