Hjem
Griegakademiet – Institutt for musikk

Hovedinnhold

I 2010 var samlinga som institusjonssamling 60-år gamal, og såleis ei av dei eldste folkemusikksamlingane i landet. Innafor Universitetet har samlinga halde til på fleire stader opp gjennom åra: Universitetsbiblioteket, Nordisk institutt, tidlegare Etno-folkloristisk institutt (no Institutt for kulturstudier og kunsthistorie). Sidan 1997 har Arne Bjørndals samling vert ein del av Griegakademiet -Institutt for musikk.

Etter Arne Bjørndal si tid har innsamlingsarbeidet halde fram og innhaldet i samlinga har auka år for år. Lydarkivet har auka mest og er mangedobla på dei siste 30 åra, medan samlinga med noteoppskrifter i original er dobla. Det har heile tida vore knytt ein vitskapleg folkemusikkstilling til samlinga. Sidan 1992 er staben utvida med ein sivilarbeidar og ein fylkesmusikar i folkemusikk.

Hardingfela som er avbilda til venstre er laga av felemakar Håvard Kvandal, Kvanndal i Granvin herad, i 1981. Same året vann Knut Hamre frå Granvin Landskappleiken på denne fela. Ved hundreårsminnet for Arne Bjørndals fødsel 1982, gav Universitetet i Bergen denne fela i jubileumsgåve til Arne Bjørndals samling. Fela er i dagleg bruk innan verksemda ved Arne Bjørndals samling.

Lyd- og videosamlinga

Lydeks.: Ragnar Vigdal, Luster

Samlinga inneheld omlag 1000 timar med lydopptak og 50 timar med video-opptak. Dette er feltarbeidsopptak i regi av Arne Bjørndals samling, i perioden 1950 fram til i dag. Dei fleste opptaka er gjort med spolebandopptakar. Etter 1992 er dei fleste opptaka gjort digitalt med DAT-opptakar og frå 2007 med harddiskopptakar.

Innhaldet fordeler seg omtrent likt på vokal- og instrumentaltradisjon, med både musikkopptak og intervju. Vestlandsområda f. o. m. Rogaland t. o. m. Sunnmøre er best representert, men det finst og opptak frå andre område i landet, m.a. eldre opptak frå dalstroka i Aust-Noreg og nyare frå kystområda i Agder, Austfold og Bohuslän i Sverige. Samlinga inneheld og nokre opptak frå feltarbeid i Estland og Litauen.

Heile lyd- og videosamlinga er katalogisert på edb i katalogsystemet FIOL. Norsk Folkemusikksamling, Universitetet i Oslo, har stått for utviklinga av FIOL, som er utarbeida spesielt for lyd- og videokatalogisering. FIOL vert nytta av fleire folkemusikkarkiv i Noreg og Norden. Ansvaret for FIOL ligg i dag hjå Folkmusikens hus i Rättvik, sjå nettadr. www.folkmusikenshus.w.se

Bruk av lydsamlinga

Lydsamlinga vert nytta internt av forskarar og studentar ved Universitetet i Bergen, og utåtretta av utøvarar, undervisingsinstitusjonar, kulturarbeidarar m. fl. Folkemusikarane er blant dei som brukar samlinga mest.

Lytteplass- og utstyr er tilgjengeleg for dei som besøkjer samlinga. Kopi av lydopptak kan skaffast dersom utøvaren eller næraste etterkomar gir skriftleg løyve til kopiering. Lydkopiar frå samlinga må brukast i samsvar med det utøvaren/næraste etterkomar tillet.

[opp]

Skriftsamlinga Noteoppskrifter

Dei fleste noteoppskriftene er frå Vestlands-områda, men ein god del og frå andre stader i Sør-Noreg og Nord-Noreg, i alt - 5.200 nr. noteoppskrifter av instrumental og vokal folkemusikk. Av desse er vel 3000 nr. skrivne opp av Arne Bjørndal i tida 1900 - 1950, Jon Rosenlid har skrive 912 nr. frå 1912 og frametter, Oddmund Dale har skrive vel 1000 nr. i tida 1982-2000.

Notesamlinga inneheld og nokre handskrivne notebøker frå 1800-talet og tidlegare, i original og/eller kopi.

I tillegg til originale noteoppskrifter finst omlag 3.500 nr. med kopiar frå andre samlingar, den største er S. B. Osa si samling på Ole Bull Akademiet.

Vise- og songtekster

  • 1200 originaloppskrifter av visetekster og songtekster
  • Ei samling originalar og kopiar av handskrivne songbøker brukt i musikklag på 1900-talet

Handskrivne notatar om folkemusikktradisjon

  • Omlag 20.000 sider med opplysningar om slåttar, spelemenn, feler, bryllaupsskikkar, marknader og mykje anna folkemusikkrelevant stoff. Dette er samla inn av Arne Bjørndal, gjennom eige feltarbeid og innsende brev og opplysningar frå eit talrikt kontaktnett.

Avisutklypp

  • 94 bøker med utklypp av avisstoff om folkemusikk frå 1900 og fram til i dag, det meste samla inn av Arne Bjørndal og Oddmund Dale.

Katalogisering

Skriftleg materiale finst berre i manuelle kortkatalogar

Bruk av skriftarkivet

Kopi av materiale frå skriftsamlinga er mogeleg utan spesiell løyve frå utøvar. Ved publisering av slikt materiale gjeld vanlege reglar for kjeldetilvising og bruk.

[opp]

Einskildsamlingar Liv Greni- samlinga:

Liv Greni har gitt si private samling av lydopptak, noteoppskrifter og bøker til Arne Bjørndals samling. Samlinga representerer eit utval av Liv Greni si innsamlings- og forskingsverksemd innan vokal folkemusikk.
(Om Liv Greni, sjå m.a. Norsk Folkemusikklag Skrift nr. 13 - 1999, Oslo 2000, s. 125-131)

Oddmund Dale si samling:

Oddmund Dale, innsamlar og spelemann frå Nordhordland, har donert si private samling av folkemusikklitteratur, lydutgjevingar med folkemusikk og gamle fotografi til Arne Bjørndals samling.

Sigbjørn Bernhoft Osa si notesamling i kopi:

Originalen finst hos Ole Bull Akademiet på Voss. Denne samlinga er katalogisert på EDB.

Fotosamlinga:

Alle fotografi som skriv seg frå Arne Bjørndal sitt innsamlingsarbeid (frå seint på 1800 fram til 1960-talet) finst på Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen, billed@ub.uib.no
http://marcus.uib.no/instance/collection/354d2b76-700c-4809-914e-949ffde316c1