Hjem
Det humanistiske fakultet

Ph.d.-registrering

Alle UiB sine ph.d.-kandidatar skal registrere seg kvart semester og stadfeste at dei er aktive i ph.d.-programmet. Frist for registrering er 1. februar og 1. september.

Bilde viser påloggingssida til Studentweb
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Registreringa skjer i Studentweb. Her kan du halde oversikt over informasjon som er relevant for ph.d.-utdanninga og kontaktinformasjonen som er registrert om deg. Ved fullført registrerign vil du få tilsendt ei kvittering på e-post.

Logg deg på

Du kan logge på Studentweb enten med pålogging via Feide (brukernavn og passord), PIN-kode og fødselsnummer eller ID-porten/MinID.

For å logge på med Feide må du alt ha oppretta brukarkonto. Dette blir normalt gjort i regi av instituttet/senteret i samband med tilsetting eller opptak til ph.d.-programmet. Dersom du vil du logge på med PIN-kode men har gløymt den, kan du velge å få tilsendt ein ny frå påloggingssida til Studentweb.

Start registreringa

1. Rettar og plikter

Her stadfestar du at du har lest og forstått rettar rettar og plikter du har som ph.d.-kandidat ved UiB.

2. Utdanningsplan

Utdanningsplanen er i utgangspunktet ein avtale mellom deg som ph.d.-kanidat og UiB, for å sikre at du kan gjennomføre utdanninga på avtalt tid. Sidan utanningsplanen for ph.d.-kandidatar er svært individuell og mange kurs har påmelding via e-post, fungerer den ikkje så godt som planleggingsverktøy. I samband med ph.d.-registreringa ber vi difor om at du godkjenner utdanningsplanen slik den framstår, og tek opp eventuelle avvik med ph.d.-koordinator/-administrator ved ditt institutt/senter.

3. Status og oversikt

Her finn du ei oversikt over kva for emne du har tatt, planlegg å ta, og hva du må gjere for å fullføre utdanningsplanen din.

Du vil oppleve at du får opp varseltrekantar som fortel at du har manglar i utdanningsplanen din. Dette er fordi ikkje alle emne ligg i planen din enno. Etter kvart som emne blir lagt inn i utdanningsplanen din, vil varseltrekantane forsvinne.

Punkt 3 inneheld også ei fane som heiter Ph.d. Denne viser blant anna informasjon om registrerte rettleiarforhold, og utløpsdato for studieretten din. Fana inneheld også informasjon om permisjonar, men det er dessverre berre sluttdatoen som er korrekt i høve kalenderen.

4. Min profil

Steg 4 viser ein oversikt over din kontaktinformasjon, som adresse, telefonnummer og e-post. Pass på at informasjonen UiB har om deg her er oppdatert.

Øvst finner du studentnummeret.

Det er også her du endrar PIN-koden din om du ønsker det. Det er den du for eksempel bruker sammen med studentkortet ditt for å komme inn i bygg og rom.

Du må velge ditt hovudbibliotek. Du kan bruke alle bibliotekene på UiB, men på Studentweb vel du det bibiloteket der du hentar bøker som du har bestilt. Det er mest vanlig å velge det biblioteket som har bøker innenfor ditt fag og som er nærmast der du studerer til dagleg.

5. Kvittering

Kvitteringa viser kva emne du er meldt til dette semesteret. Du mottar i tillegg kvittering på e-post. Det går fram av punkt 2 at innhaldet i denne kvitteringa ikkje må tilleggast avgjerande betydning.

Opplæringsdelen

Opplæringsdelen består av obligatoriske og frie (kandidatspesifikke) kurs. Alle kandiatspesifikkekurs må godkjennast av rettleiar og forskingskoordinator/instituttleiar. Godkjenning blir gitt på eige skjema og på grunnlag av godkjent dokumentasjon. Godkjente kurs vil etter registrering bli synlege i Studentweb. Rutinen for slik godkjenning er skildra her.

Kva med kurs som er tatt utanfor UiB

Dokumentasjon på alle ekterne kurs som skal innpassast som ein del av opplæringsdelen må sendast til relevant institutt umiddelbart etter at kurset er sluttført. Etter innpassing vil disse kursa bli synlege i Studentweb.

Må kandiatar som har fått godkjent opplæringsdelen, likevel registrere seg?

Alle kandidatar skal registrere seg. Dersom du alt har fått godkjent opplæringsdelen treng du å kontrollere at informasjonen som fakultetet har registrert på deg er korrekt.

Kan ein bruke Studentweb utanom den ordinære registreringsperioden?

Det er framleis mogleg å melde seg opp til visse forskarutdanningskurs via den samme portalen etter dei semestervise fristane.

Skal ph.d.-kandidatar betale semseteravgift?

Ph.d.- kandidatar er normalt ikkje å rekne som studentar, og skal dermed ikkje betale semesteravgift.