Hjem
Det humanistiske fakultet

Samlingar, arkiv, ordbøker

Fleire av forskarane ved fakultetet har bidrege til utviklinga av samlingar, arkiv og ordbøker. Her er ei oversikt over nokre av dei som er tilgjengelege på nettet.

Det gamle teater i Bergen
Biletet er ein del av samlinga til teaterarkivet og er frå Det gamle teater i Bergen.
Foto/ill.:
Teaterarkivet

Hovedinnhold

Samlingar og arkiv

Arne Bjørndals samling

Folkemusikksamlinga ved UiB. Formålet med samlinga er innsamling, arkivering/bevaring, forsking og formidling. Vestnorsk folkemusikktradisjon er eit prioritert ansvarsfelt, men verksemda femner vidare både nasjonalt og internasjonalt.

Etno-folkloristisk arkiv

Det kulturhistoriske forskings- og tradisjonsarkivet har fleire større samlingar av folkeminne: Torleiv Hannas sine oppskrifter 1896-1929, segner innsamla av skuleborn 1933-35, store samlingar vitsar, gåter og barneleikar, intervjumateriale om barne- og ungdomskultur, moderne folketru og folkemedisin.

Ludvig Holbergs skrifter

Ludvig Holbergs skrifter (LHS) er ein tekstkritisk og kommentert utgåve av Holbergs verk. Utgåva inneheld alle tekstar som er kjent frå Holbergs hand, tekstkritisk gjennomgått og kommentert. Ved sidan av tekstane kan ein sjå faksimiler av førsteutgåvene.

Målføresamlinga

I Målføresamlinga er arkivert talemålsmateriale frå ulike delar av landet, men mest frå Vestlandet (oppskrifter, lydopptak, ordsamlingar, spørjeskjema, kartsamlingar, hovud- og masteroppgåver osb.). Ein stor del av materialet er transkribert og digitalisert. 

Personnavn

Sida inneheld materiale om personnamn. Personnamn omfattar her både fornamn, mellomnamn, etternamn og kallenamn. Fleire av listene har namn frå mange land.

SAMLA

SAMLA skal digitalisere og tilgjengeliggjere arkivmaterialet i tre sentrale norske tradisjonsarkiv: Etno-folkloristisk arkiv ved UiB, Norsk Folkminnesamling ved UiO, og Norsk etnologisk gransking ved Stiftinga Norsk Folkemuseum.

Skeivt arkiv

Skeivt arkiv tek vare på, dokumenterer og formidlar skeiv historie eller LHBT-historie. Skeivt arkivs samlingar består av ei rekke arkiv frå personar og organisasjonar samt bøker og tidsskrift. Arkivet har også ei samling av videointervju, skriftlege forteljingar og nettleksikonet Skeivopedia.

Språksamlingane

Språksamlingane er ein betydeleg vitskapleg ressurs som består av eldre fysisk materiale og elektronisk språkleg materiale (både digitalisert og digitalt utvikla). Samlingane har vore grunnlag for å utarbeide allmennordbøker (leksikografi) og norsk namnegransking.

Teaterarkivet

Teaterarkivets samlingar inneheld bl.a. teaterprogram, plakatar, korrespondanse, notar, manuskript, bilete, scenografi- og kostymeskisser.

Wittgensteinarkivet

Arkivets målsetting har vore å produsere ein fullstendig maskinleseleg versjon av Ludwig Wittgensteins Nachlass (dei omtrent 20 000 handskrevne og maskinskrevene sidene som han etterlot seg ved sin død i 1951).

Ordbøker

Bokmålsordboka | Nynorskordboka

Nynorskordboka og Bokmålsordboka er einspråkliëge ordbøker for nynorsk og bokmål. Universitetet i Bergen og Språkrådet eig og driv ordbokportalen for ordbøkene.

ISLEX

Ei gratis nettordbok frå moderne islandsk til dansk, norsk (bokmål og nynorsk) og svensk. Samarbeidsprosjekt mellom fem nordiske institusjonar.

Medieval Unicode Font Initiative

Eit internasjonalt nettverk som arbeider for å koordinere utviklinga av fontar med mellomalderteikn i det latinske alfabetet. Medieval Unicode Font Initiative (MUFI) tilbyr fleire Unicode-fontar til fri bruk.